-Motsegna er ikkje trekt, men vi har revurdert den tidlegare uttalen vår, seier rådgjevar Kari Bjørnøy.

Saman med seniorrådgjevar Kristin Eide kom Bjørnøy nyleg for å sjå på området der grunneigarane har planar om å bygge hytter, rorbuer og naust i stor stil.

Stor utbygging

Her er det lagt opp til 13 hytter, 24 rorbuer og eit ukjent tal på naust/sjøhus i eit område som legg beslag på 500 meter strandsone.

Teigebogen er den ytste delen av eit samanhengande strandområde som grunneigarane satsar på å bygge ut til fritidsføremål. Området er delt i tre reguleringsplanar, og det einaste som enda ikkje er ferdig regulert og godkjent.

«Det blir lagt opp til eit svært omfattande inngrep i strandsona som per i dag er lite rørt av utbygging. Ei slik omfattande utfylling vil øydelegge dei kvalitetane som ligg til grunn for å invitere folk inn i området, og etter vårt syn vil ei slik utbygging ikkje kunne forsvarast ut frå det som kommuneplanen opnar for».

Slik konkluderte Fylkesmannen etter å ha fått oversendt forslaget til reguleringsplan på slutten av fjoråret. Fylkesmannen fann utbyggingsplanane til å vere alt for massive og reiste difor motsegn til reguleringsplanen.

Stor utbygging

Under synfaringa fekk Fylkesmannen sine utsendingar eit inntrykk av at området ikkje var like uberørt som dei fyrst trudde. Som dei skriv i tilbakemeldinga til kommunen, «viste synfaringa at mykje av strandsona er langt meir «herja med» med fleire gamle utfyllingar enn det vi tok utgangspunkt i då vi varsla motsegn».

Fylkesmannen meiner likevel at framlegget må endrast for å sikre ei utbygging som ikkje blir for massiv. Mellom anna må det sikrast opne rom mot sjøen av ei slik breidde at det har verdi for ålmenta.

Fylksmannen vil framleis at det minst berørte området, som ligg nord for sjøhusa på Teigebogen, skal skjermast mot utbygging. Den planlagde moloen må difor starte innafor sjøbudene, meiner Fylkesmannen.

- Slik ser vi det no, og så reknar vi med at det blir ein dialog vidare, seier Kari Bjørnøy til Vestlandsnytt.