Gursken skulekorps feirar 10-årsjubileum i år, og det var i høve dette dei fann på å samarbeide med Esplo.

– Vi ynskte å skape litt ekstra blest om jubileet vårt, og dirigenten vår, Julianne Hauge, føreslo å kontakte Esplo. Ho kjende til han frå før, fortel leiaren i korpset, Heidi Skoge.

Haakon Esplo har brei erfaring innan musikk og underhalding, og han har skrive og arrangert fleire av stykka som korpset spelte. Det såg ut til at han hadde fått god kontakt med musikantane den tida dei har vore saman.

– Korpset har hatt tre fantastiske dagar saman med han. Han har vore med på generalprøva torsdag, på konsertane for barnehage- og skuleborna i går, og no på konserten i dag, fortel Skoge.

Uforklårleg magi og flott musikk

Esplo er ikkje berre musikar og tryllekunstnar, han tek også oppdrag som konferansier. I humoristisk og underhaldande stil tok han rolla som programleiar på strak arm.

– Her i korpset er det mange som er akkurat passe lange, slik som dette tauet her. Og så er her nokre som er veldig lange, slik som dette tauet, og nokre er bitte små, slik som dette, sa Esplo og viste fram tre tau i ulike lengder.

– Og det som er så fint med å spele i korps, er at då passar alle dei ulike medlemmane så godt saman, sa Esplo, og plutseleg hadde dei tre taua vorte om til ein samanhengande sirkel.

Straks etter vart dei «forvandla» til tre like lange tau, og slik heldt det fram med stadig nye variantar. Trikset var heilt uforståeleg for dei begeistra tilskodarane.

Programmet veksla mellom trylling og korps, og mellom kvar tryllekunst fekk vi eit par innslag frå korpset. Det var heilt utruleg kor mange ulike nummer korpset hadde øvd inn, og ein korps-unæming som underteikna kan ikkje forstå anna enn at musikantane må ha øvd i fleire månadar til denne konserten.

Vi fekk også sjå imponerande drilling av yngre og litt eldre drillarar, og korpsaspirantane hadde også eit flott innslag. Alt verka å vere både reint og feilfritt, og alle som var knytte til skulekorpset viste seg frå si beste side. Dette lover godt for framtida!