Det seier trenar Igor Dokmanovic etter laurdagens kamp mot Volda på heimebane. Bergsøy hadde inga forventning om å vinne mot Volda, som toppar tabellen og er garantert kvalik til 1. divisjon.

– Men 16 mål i differanse er for mykje, seier Dokmanovic.

Dei fleste feila vart gjort i 1. omgang, og til pause var stillinga 12–26.

– I andre omgang spela vi stort sett jamgodt med Volda, men vi tapte fem mål dei siste 3–4 minutta, seier trenaren.

Leine tok ni mål

Ein Bergsøy-spelar som verkeleg utmerka seg i denne kampen var Sandra Mari Leine, som sytte for heile ni mål. Fire av dei tok ho frå 7-metersmerket.

– Ho var i godt humør. Det såg vi på starten av kampen, og då prøver ein å sende ballar den vegen. Sandra spela veldig godt i dag. Faktisk spela alle spelarane godt i 2. omgang, seier Dokmanovic.

– Kjenner ikkje press

Etter søndagens tap er nedrykk eit faktum. Dokmanovic har ingen kommentar til kva damene meiner om det.

– Det må du spørje dei om. Men mi oppfatning er at jentene berre ønskjer å spele og at dei ikkje kjenner noko særleg press. Om du vil meir, så vil du bli betre, og då jobbar du hardare. Her er det ikkje slik. Men eg trur denne sesongen har vore «den store skulen» for alle. No ser damene «objektivt» kvar dei står og kva dei må gjere om dei vil bli betre, seier Dokmanovic.

Han avsluttar med å gratulere Volda med kvalik for 1. divisjon.