Det var ikkje kva som helst slags lunsj som var tilreidd på NAV-kontoret i Herøy på fredag. Her var det nemleg stelt i stand for ei heiderleg markering for ein av dei tilsette.

Dama var Sølvi Woldsund Myrhol. Med sine 38 år på kontoret var det no på tide med ei utmerking, syntest Jarle Stordal, som fekk innvilga og delt ut det kongelege selskap for Norges vel sin medalje for lang og tru teneste. Medaljen er Sølvi vel fortent, ifølge Stordal

Takksam for heideren

– Dette er litt av ein heider å få. Eg blir litt skjelven her eg står, sa ei rørt Sølvi, som etter å ha mottatt medaljen fekk mange velvalde ord frå sine kollegaer på kontoret.

Til Vestlandsnytt fortel ho at ho er veldig glad i jobben sin og at ho håpar at folk har hatt nytte av den 38 år lange innsatsen. Denne årrekka er heller ikkje slutt, for Sølvi tek sikte på å jobbe i fleire år om helsa held.

Ho seier ho trivast utruleg godt på kontoret med unge medarbeidarar, og at ungdommeleg energi har smitta over.