– Ja, etter 8 år i grøne vestar skal det no verte godt å ta på seg dei blå vestane til Intersport, seier Eldar Lillerovde, dagleg leiar i butikken.

Ny kjede

Etter påska blir det ikkje lenger G-sport å finne i Fosnavåg. Til gjengjeld blir skiltet bytta ut med eit raudt og blått Intersport-skilt, for sportsbutikk skal her framleis vere.

– For kundane blir den største endringa ganske enkelt korleis vi profilerer oss. Det blir ein del ombygging i butikken. Den skal verte meir spennande og enklare å orientere seg i. Men dei kjem fortsatt til å møte same gjengen, fortel styreleiar Jan Erik Myrseth.

Omlegginga til ny kjede skjer som ein del av ei større omlegging i Gresvig konsernet. G-sport skal omfamne dei større butikkane. Dei mindre butikkane kan derfor bli meir lokaltilpassa.

Nærare nedslagsfeltet

– Det var viktig at vi greip sjansen til å gjere denne oppgraderinga, forklarar Lillerovde.

At dei no blir ein del av Intersport vil gi butikken meir handlefridom, fortel dei to.

– Vi får no moglegheit til å verte endå meir lokaltilpassa. Vi kan i større grad enn før spesialisere oss på dei felta vi vil, held han fram.

Dette inneber også at butikken har større handlefridom i kva varer som hamnar på stativa og hyllene. Dei treng ikkje lenger handle via eit kjedekontor.

Meir kompetanse

Med i satsinga ligg det også ei satsing på utdanning av dei tilsette. I Intersport-kjeda kan ein nemleg kurse tilsette til å bli ekspertar på ulike felt.

– Vi vil spesialisere oss mot aktivitetar vi har mykje av i vårt nedslagsfelt. Vi skal til dømes verte endå betre på sko og tekstilar til sportslege aktivitetar og laup i terreng, utdjupar Myrseth.

Framleis breidde

Men sjølv om butikken blir meir spissa, forsikrar Myrseth og Lillerovde at det framleis vil vere eit breitt utval i butikken.

– Folk skal få det dei treng i denne butikken, uansett alder, avsluttar dei.

Som ei følgje av omlegginga blir butikken stengd tre dagar etter påske før det blir opning av den nye Intersport-butikken.