– Eg vil ikkje kalle situasjonen dramatisk, men det er all grunn til å overvake situasjonen ved desse butikkane litt ekstra. Begge dei to butikkane hadde i 2017 redusert omsetting og eit negativt resultat.

Det seier viseadm. dir. Rune Økland i Coop Vest SA til Vestlandsnytt.

Leiinga i konsernet med åtte daglegvarebutikkar i Herøy og Sande r relativt open om den generelle utviklinga i lokale butikkar. Tidlegare har det brunne eit «blått lys» for Coop-Marked på Moltu og i Gjerdsvika, men i dag er det i staden på Larsnes og i Tjørvåg Coop-leiinga ser med litt meir bekymring på stoda.

– Det er for tidleg å konkludere med kva denne utviklinga vil føre til, men vi må halde eit auge med situasjonen, seier Økland.

Årsaka til nedgangen på Larsnes og i Tjørvåg kan i fylgje Økland vere samansett, men han slår fast at begge desse butikkane i litt større grad enn dei andre innan Marked-segmentet – i alle fall lokalt – er utsette for noko meir nærliggande konkurranse.

– Det vert eit spørsmål for leiinga korleis ein skal prioritere i åra somkjem, ikkje minst fordi det kan for fleire butikkar kan stå føre store investeringar i kjøl og frys, seier Rune Økland. Han strekar under at når det gjeld spørsmål om struktur, så er det styret som skal stake ut vegen vidare.

Nedgang for Extra

Litt i tråd med spådomane etter at det vart endå fleire aktørar i Fosnavåg hausten 2016, vart det registrert ein liten nedgang i omsettinga ved Coop sin Extra-butikk i Fosnavåg i 2017.

– Det var litt som forventa, men nedgangen var mindre enn vi trudde. No gjeld det å auke omsettinga og resultatet for Coop Extra, seier Økland.

Han slår fast at konkurransen i området Fosnavåg/Myklebust kan reknast som mellom dei tøffaste i heile Coop Vest sitt nedslagsfelt, som omfattar Søre Sunnmøre og store delar av Sogn og Fjordane.

– Her er det veldig mange om beinet, og vanskeleg å skape større vekst, men vi skal gjere det vi kan for å bite oss faste, seier Økland.

Byggjer ut på Sandsøya

Når det gjeld dei andre Coop Marked-butikkane i vårt område, seier Økland at det er vedteke ei tiltrengt utviding og oppgradering av butikken på Sandsøya. Her gjekk omsettinga litt ned i fjor, etter fleire år med fin vekst. Men resultatet gjekk i pluss, tilliks med den noko mindre nabobutikken på Kvamsøya.

– Butikken på Sandsøya er mogen for ei oppgradering på fleire område, og arbeidet startar i år, seier Økland. Han fortel både om påbygging med meir butikkareal og etablering av ein eigen kaffikrok.

Elles slår Økland med glede fast at Coop Marked-butikkane på Moltu og i Gjerdsvika har høvesvis fin og moderat vekst, og det er ei fin utvikling etter at det for ikkje mange åra sidan brann eit blått lys for desse nærbutikkane. Heilt grei utvikling har det også vore på Leikong.

– Vi har svært mange butikkar i Herøy og Sande, og kan ikkje gje nokon garanti for at samtlege er i drift om nokre år, avsluttar Rune Økland.