Med eit erstatningskrav på nærare fem millionar kroner, stemna herøyfirmaet Volda kommune for Søre Sunnmøre tingrett. Bakgrunnen for kravet var at Volda kommune avlyste tilbodskonkurransen om oppgradering av Ivar Aasen-bygget etter at Prosjektbygg var tildelt kontrakten.

Ifylgje domen i tingretten har Prosjektbygg ikkje krav på erstatning for sin positiv kontraktsinteresse. Likevel meiner retten at den negative kontraktsinteressen til tilbydaren gir grunnlag for erstatning, og har fastsett erstatningssummen til 100.000 kroner.

Trass i at kommunen er dømd på det punktet, må Prosjektbygg betale kommunen sine sakskostnader med 290.000 kroner.

Dagleg leiar i Prosjektbygg, Sindre Thorseth, ser ikkje bort frå at domen kjem til å bli anka.

-Men fyrst må vi ta ein runde med advokaten vår, seier han.