Eg har lagt merke til at Brimer på Kvamsøya og Sandefisk på Sandsøya har planar om utbygging som dei no avventar, i påvente av kva som skjer. Eg skjønar dei godt, seier leiaren av Beitveit Havfiske.

Beitveit opplyser til Vestlandsnytt at også dei har konkrete planar om ei ytterlegare lokal satsing.

Det tener ingen at vi går ut med kva dette gjeld, men det er ei satsing der alt er gryteklart. Vi trykkjer likevel ikkje på knappen før skulesaka er avklart, seier Beitveit.

Han meiner kommunen tek ting i heilt feil rekkefylgje:

Planen har vore at ein skulle sjå på skulane når fastlandssambandet kjem. No snur kommunen saka på hovudet og vil gjennomføre øydeleggande strukturendringar som også vil verke negativt for fastlandssambandet, seier Beitveit.

Han kjenner til at mange reiser frå øyane og kommunen viss skulane fer. Lokale bedrifter har varsla at øyane vil vere lite attraktive for framtidssatsing viss det er slik at elevar må reise sjøvegen, og gjerne over både fjord og fjell.

Eg meiner Sande kommune må syte for at begge skulane i ytre kan bevarast fram til fastlandssambandet kjem. Slik det no er lagt opp, må vi berre kjempe det vi kan for skulane våre, og samstundes må vi for all del unngå ein krinskamp mellom Kvamsøya og Sandsøya. Det vil vere svært øydeleggande, seier fiskebåtreiaren.

Beitveit var denne veka mellom foreldra som fekk orientering om Sande Vest sitt initiativ til at grunnskulen i Sande bør satse meir på IKT-assistert læring.

– Det er noko kommunen seriøst bør vurdere, og det finst prosjektmidlar som kan finansiere det, seier han.

– Kva bør skje no, då?

– Kommunen må avvente all strukturendring i ytre før sambandet kjem. I tillegg har både kommunen og fastlandssambandet mykje å gå på i kor aktive ein er. Bruk gjerne pengar på ein lobbyist som kan kjempe for SaFast på heiltid.

– Eg meiner kommunen har råd til det, ikkje minst med tanke på dei samfunnsmessige millioninnsparingane Sande kommune får når sambandet er ein realitet. Då tenkjer eg både på skule- og pleiesektoren, avsluttar Kenneth Beitveit.