– Som kjent er skular i fleire bygder, også vår bygd, truga av nedlegging eller omlegging til eventuell ny driftsform, heiter det innleiingsvis i brevet frå idrettslaget.

Laget meiner meiner det vil vere totalt uansvarleg av Sande kommune å leggje ned skulen på ei kringflødd øy.

– I fall dette skjer, vil det i praksis vere kroken på døra for vidare busetting på øya, i alle fall frå folk i etableringsfasen, heiter det i tilbakemeldinga.

Sandsøy IL syner til det lenge planlagde vegprosjektet med undersjøiske tunnelar som vil knyte ytre Sande saman med fastlandet:

– Vi syner vidare til Sande Fastlandssamband, der kommunen sjølv er største eigar, og planane om undersjøiske samband. Å ta strukturelle grep med skulane FØR sambandet kjem, er ei stor sjølvmotseiing i seg sjølv. Slike grep vil faktisk også vere til skade for planane om fastlandssamband, melder idrettslaget, som avsluttar slik:

– Vent til sambandet kjem før det vert gjort noko med skulane i ytre. Det er vårt soleklare råd.