– Vi rekna litt på det, og berre i nærmaste nabolaget har vi kring 35 born under 12 år.

Det seier Cesilie Sundgot medan ho matar son sin, Aron. På motsett side av Cesilie sit Yvonne Sjåstad. Dei representerer grunnen til at Vestlandsnytt har teke turen til Dragsund denne solrike tysdagen.

Ung grend

For, Dragsund har i dei siste åra sett fleire småbarnsfamiliar slå seg til ro i grenda. Nye hus blir stadig sette opp i området og snittalderen blant dei buande er nok blant den lågare.

– Vi er ein del unge folk som har busett oss i Dragsund, forklarar Sundgot.

Dette har som sagt resultert i at det er mange born i nabolaget. Som følge av det er det på tide å oppgradere området litt, meiner småbarnsmødrene.

«Kuppa» grendelaget

– Vi diskuterte om vi skulle starte eit grendelag, men vi fann ut at vi allereie hadde eit som ikkje hadde vore so aktivt dei siste åra. Vi unge reiste då for å møte dei i eit ekstraordinært styremøte, forklarar Sundgot.

Ho vart dermed valt til ny styreleiar og fekk også med seg yngre blod inn i rekkene.

– Vi «kuppa» det, fleiper Sundgot og flirer.

No som grendelaget er under ny leiing er det ikkje mangel på planar for kva som skal gjerast i bygda.

Bygger leikeplass

– Det fyrste på prioriteringslista vår, som vi allereie er i gong med å få organisert, er eit stort fellesområde for nabolaget med leikeplass, forklarar Yvonne Sjåstad. Ho sit i komiteen som jobbar med akkurat dette.

Dei forklarar at med så mange ungar er det veldig viktig å få eit stort uteområde der alle kan samlast, sjølv dei som ikkje har ungar.

– Vi ser for oss at dette skal vere ein plass der det skal vere leikeapparat og kanskje ein grillplass der ein kan lage mat, seier dei to engasjert.

Grendelaget har fått sett av ei tomt som kommunen eig til å byggje leikeplassen. Den ligg omtrent midt i nabolaget og vil også ligge sentralt for byggefeltet som ligg rett ovanfor. Landskapsbiletet ovanfor viser området der det er planlagt å opparbeide uteområdet.

Samlar inn pengar

– Vi har rekna ut at grunnarbeidet som må gjerast i fyrste omgang vil koste 50–100 tusen kroner. Leikeapparata kjem so oppå den prisen og dei blir også fort kostbare, forklarar Yvonne.

Derfor har grendelaget allereie gjort klar ein basar som skal samle inn pengar til akkurat dette formålet.

– Det er kanskje ikkje ein heilt tradisjonell basar. Vi skal ha livemusikk med «Oss to» og vokalisten i Kontrollert Kaos. I tillegg blir det kakesal og utlodding av sponsa gevinstar som har ein samla verdi på 18 000 kroner, fortel Sjåstad.

– Vi kallar det berre for ein «Brasar», flirer Sundgot.

Håpar å få med kommunen

For at det skal bli lettare å få leikeplassen på plass håpar grendelaget på hjelp frå kommunen.

– Vi hadde sett stor pris på om kommunen kunne løyve leikeplassmidlane for dei regulerte tomtene som kjem til i 2019–20. Det ville vore til stor hjelp, fortel Sjåstad.

Ho meiner leikeplassen er dekkande for framtidig bustadar også. Bustadar som har krav om leikeplass.

Dugnad

Leikeplass skal det i alle fall bli, skal vi tru dei engasjerte småbarnsmødrene. No håpar dei fleire vil ta del i dugnadsarbeidet og ikkje minst kome på «Brasar».