- Ja, no ventar eg berre på at Miljøpartiet De Grønne skal byrje og verve kattar. Då har eg fyrste medlemmet her, flirer Martinus Feie når vi møter han på Nautøya fredag ettermiddag.

Den knapt to år gamle hokatten, Nusse, kjem bort til oss i det Feie byrjar å snakke med avisa. Det høver fint, då det er katten vi faktisk har kome for å møte. Nusse har nemleg fått med seg kva som er i vinden for tida- plastrydding og marin forsøpling. Katten har derfor, på eige initiativ, sett i gong med å rydde fjøresteinane for søppel.

Tek etter eigaren?

- Det begynte med at ho følgde etter meg der eg gjekk og plukka plast og anna i fjøresteinane. Men så tok ho saka i eige labbar, fortel ein stolt katteeigar.

Og Nusse sjølv er ikkje mindre stolt kvar gong ho kan kome heim og legge frå seg ein plastpose utfor terrassedøra. Det har skjedd nesten dagleg, den seinare tida.

- Men ho ventar med å legge den frå seg til ho veit eg har sett det, og fått gitt henne litt velfortent skryt, fortel Feie.

Ikkje berre småtteri

Feie fortel at det ikkje berre er smårusk som katten dreg med seg opp frå fjøra.

- Det største eg har sett ho kome med var ein to meter lang plastbit. Den brukte ho ei god stund på, men etter å ha gått baklengs opp trappa fekk ho den opp til slutt, forklarer han og smiler.

Mengdene varierer også frå ein enkelt gjenstand, til haugar av rusk. Noko tal på kor mykje det har bllitt har vi ikkje, men at denne katten kan rydde, er det ingen tvil om.