Herøy kommune har saman med Herøy næringsforum gjennomført ein minikonkurranse knytt til å kartlegge reiseliv og turistnæringa. ZYNK vann fram med sitt forslag om å lage ein reiselivsrapport.

På onsdag denne veka blei det signert ein avtale mellom ZYNK og Herøy Kommune. Den har fokus på kva som er kommunen sine fortrinn samanlikna med andre, og kva kvalitetar marknaden ser i Herøy.

Rapporten skal synleggjere dei gode ideane og sette målsetjingar for vidare utvikling av reiselivsnæringa.

– Vi ynskjer å nytte vår erfaring til å utvikle ein reiselivsrapport som kan hjelpe reiselivet i Herøy til å vidareutvikle potensialet i regionen, seier ZYNK-partnar Jan Glendrange.

Zynk er eit strategisk analyse- og rådgjevarmiljø med hovudvekt på fem tenesteområde. Det er posisjonering og omdøme, leiar- og endringskommunikasjon, samfunns- og myndigheitskontakt, krisehandtering og mediekontakt & finansiell kommunikasjon.

Erfaring med reiseliv

Jan Glendrange er ein av Noregs mest erfarne rådgjevarar og var med å starte ZYNK hausten 2010. Han er spesialist på strategi, posisjonering, samfunns- og myndigheitskontakt og jobbar mykje med problemstillingar i skjeringspunktet mellom marknad og politikk.

– Vi har utvikla ein velprøvd og fungerande metodikk for å sikre utvikling av tydelege, attraktive og relevante posisjonar for reiselivet, og for at prosessen sikrar aktivt eigarskap til sluttproduktet. Våre rådgjevarar har brei erfaring med reiseliv og destinasjonsposisjonering, blant anna frå Møre og Romsdal der vi før har arbeida med Visit Nordmøre og Romsdal, seier ZYNK-partnaren.

Fristen for å levere rapporten er sett til oktober i år, men ZYNK-partnaren er litt meir optimistisk enn det.

– Vi hadde eit oppstartsmøte med fleire engasjerte folk og spanande innspel. Det er flinke folk i kommunen som skal vere med på prosjektet. Vi ynskjer å finne den spissinga slik at Herøy vert posisjonert slik at turistar har lyst å reise dit. Vi håpar at rapporten er ferdig til sommaren, avsluttar Glendrange.