– Vi har faktisk om lag 200 kulturskuleelevar som skal opptre i løpet av veka, forklarar Robert Skeide som er tilbake som vikarrektorstolen ved kulturskulen ein periode.

Neste veke skal altså kulturskulen ut på ein liten lokalturne. Denne omfattar ni barneskulebesøk og eigne førstillingar for barnehagane. Førestillingane vil oppta ein undervisningstime på skulen og vil innehalde alt ifrå instrumentalistar, song og dramanummer.

Vil rekruttere fleire elevar

I tillegg til at elevane skal få vise fram kva dei lærer for elvar i barneskulen, legg ikkje Robert Skeide skjul på at det har vore skuffande søkjartal til kulturskulen og at han håpar turneen kan inspirere nye søkjarar.

Nye tilbod

Kulturskulen kan elles skilte med nye tilbod til hausten som kroppskontroll og vaksendans for personar over 20.

– Vi vil også prøve etter påske å få liv igjen i kunstfaga med eit prøvekurs i nokre veker, fortel Skeide.