– I år har vi 150 dataplassar. Dette er 30 fleire enn førre påske då vi hadde 120 plassar og selde 115, fortel styreleiar i Herøy LAN, Carl-Henrik Myrseth Moltumyr.

Nærmar seg utseld

Når Vestlandsnytt snakkar med HerøyLAN er det få plassar att.

– Vi opplever at det er mange som vil kome på LAN, fortel Myrseth som trur det blir heilt utselt.

Årets arrangement varar frå kvelden 28. mars til 1. april og har aldersgrense frå 8. klasse.

Har kjempetru

Framfor årets arrangement har styreleiaren klokkartru på at det blir ein suksess.

– Eg har kjempetrua. Dette blir det største arrangementet hittil i HerøyLAN si historie, skryt Moltumyr.

Han sparar heller ikkje på lovorda når han fortel at dei i år har ein gjeng på 60 ungdommar i crewet som skal stå for alt ifrå matsal, til bistand og hygge for alle.

– Dei er engasjerte og superklar for LAN, seier Carl-Henrik.

Nytt av året

På plakaten kan HerøyLAN skilte med mange aktivitetar.

– Nytt av året er såkalla «Bumperballs» som blir køyrt i lag med paintball i kvar sin sal, forklarar han.

Kort forklart er dette store oppblåsbare luftputer som du har på deg og fritt kan krasje med.

I tillegg til fleire aktivitetar har også HerøyLAN fått med fleire sponsorar på bana. Mellom anna er Sparebanken Møre komne på bana som ny generalsponsor for arrangementet.

– Vi har mange gode sponsorar som viser at dei har klokkartru på arbeidet som vi gjer. Dei har høyrt frå sine eigne ungar at LAN er plassen å vere. Det er trygt, det er kjempesosialt og det er ufatteleg gøy, seier Moltumyr.

Ikkje berre dataspel

Eit viktig poeng for Myrseth å få fram er at LAN ikkje berre er eit arrangement for og med dataspel.

– Det er faktisk ikkje berre eit LAN. De er eit kjempedigert ungdomsarrangement med tilbod for alle. Det slår veldig godt an ser vi, avsluttar Moltumyr.

Elles kan det nemnast at HerøyLAN også no trekkjer til seg deltakarar frå andre kommunar i området.

(Her er ein video laga av HerøyLAN frå eit tidlegare arrangement)