– Vi flaggar og vil sjølvsagt markere at utbygginga er igang. No gler vi oss alle til «nyebarnehagen» står ferdig, seier styrar Lisbeth Nykrem i Haugelia barnehage.

Det er ein årelang kamp for som no vert kruna med siger i Haugsbygda og Gursken. Barnehagen, som har 18 plassar i dag, får no ei ekstra avdeling med 18 plassar (12 småbarnsplassar) til. Det inneber ein monaleg kapasitetsauke.

Mange gongar har utbygginga stått på budsjettet til Sande kommune, og like mange gongar har prosjektet blitt skuva framover i tid. Så ofte har dette skjedd, at det faktisk har blitt tvil mellom dei som soknar til barnehagen om prosjektet vert igangsett.

No er all tvil feia til sides. Kommunestyret og seinast også rådmannen har gitt klarsignal for oppstart, og gravemaskinen frå B. Tarberg er i full gang med grunnarbeidet, like vest for dagens barnehagebygg.

– Prosessen fram til oppstart er ikkje mitt bord, så det kan eg ikkje kommentere. Men prosjektet har fått grønt lys, og vi satsar på at alt står ferdig til hausten ein gong, seier kommunal byggjeleiar, Kjell Hauge, til Vestlandsnytt.

Prislappen på prosjektet er 8,5 millionar kroner eksklusiv moms. For desse pengane får kommunen ei ny barnehageavdeling, nytt personalrom og dessutan eit nærast heilt nytt uteområde som borna kan boltre seg i.

– Noko av årsaka til prisauken i høve til opphavlege planar skriv seg frå det faktum at vi tek uteområdet når vi først er igang. Det ville ha vore meiningslaust å ikkje ta med uteområdet, seier byggjeleiaren.

Kjell Hauge opplyser at det er Rise-Bygg som har totalentreprisen på Haugelia barnehage. Dei har i neste omgang hyra inn B. Tarberg til grunnarbeidet, Tussa Installasjon til elektro, Rørservice til røyrarbeid og Egset Ventilasjon til ventilasjon og varme.