Viser til siste nr. av avisa, og «Endå ei gåte» på s. 22. Eg har ei slik klemme som eg har hatt hengande i naustet mitt og som eg har teke vare på etter far min. Sjå vedlagde bilete.

Han var telegrafarbeidar i si tid, og i Telegrafverket som etaten vart kalla i dei tider vart desse klemmene brukte til å stramme telefonlinjer med. Det fungerer slik at dersom ein trykker tilbake auget til høgre på biletet vil der åpne seg eit spor på kvar side i andre enden, og inni der vart telefonstrengen lagt, -ein på kvar side. Der er då nokre «griperiller» inni der som hindrar strengane i å gli, og dermed kan ein kople til ein talje i øyet og på den måten stramme opp strengane. Dette var i den tida det var strengar for kvart telefonnummer og som hang oppe i telefonstolpane.

Eg veit også at dei har vorte brukte til stramming av toppstreng i forbindelse med oppsetting av nettinggjerder. Har prøvd å finne ut kva desse klemmene blei kalla, men det har eg ikkje greidd.

Eg har ei trist historie og eit trist minne om nettopp ei slik klemme.

Far min var på eit oppdrag på Nesset i Snipsøyrdalen i 1952, og skulle arbeide med å få stramma opp linjene der for å unngå å få slyng på linjene, -dvs. at linjene ikkje skulle slenge saman når det var vind.

I det høve slitna nettopp ei slik klemme med det resultat at han miste taket der han stod oppe i stolpen og fall bakover og hang dermed opp-ned der og fast i stolpeskoane. I fallet vart begge føtene brotne i anklane, samstundes som han slo hovudet inn i stolpen i fallet, og der hang han inntil ein mann i nabolaget høyrde skrika frå han og fekk samla hjelp for å få han ned. Det vart ei lang sjukehushistorie der det gjekk mange månader før han kunne gå igjen. Han vart meir eller mindre helselaus etter dette og var mykje sjukmeld før han til slutt vart ufør. Eg var berre 5 år då dette hende, men hugsar det svært godt enno sjølv om eg no har passert 70.