Det er ikkje måte på kor mange som står fram på vegner av si næring, eller sin bransje, og fortel at dei er den nye oljen. Det er dei som skal erstatte dei store oljeinntektene, når oljebrønnane er tørre.

Det toppa seg, då styreleiar i Nasjonalmuseet Linda Bernander Silseth, stod fram i Aftenposten, og hevda at kunst er den nye oljen. Det er tøv, men alle som kjem med denne bodskapen, får nokre minutt i rampelyset.

Her er eit lite utval av overskrifter; Digitalisering er den nye oljen, IT- bransjen er den nye oljen, Bybanen er den nye oljen (du las rett), litium er den nye oljen, algar og plankton er den nye oljen, reiseliv er den nye oljen, etterutdanning er den nye oljen, og sjømat er den nye oljen.

Representantar for sjømatnæringa har lenge hevda at deira næring skal overta etter oljen.

Det er positivt å ha visjonar om eiga næring, det kan føre til framsteg. Etter å ha brukt mesteparten av mitt liv i denne næringa, skulle eg sjølvsagt ha delteke i dette hallelujakoret. Når eg ikkje gjer det, er det fordi det er urealistisk å tru at sjømatnæringa skal greie å skape like store økonomiske verdiar, som olje og gass.

Realisme blir av og til forveksla med pessimisme, vi har nemleg vore uvanleg flinke her i landet til å hause opp ting, kanskje er det eit slags oljesyndrom. Eg har ein sterk mistanke om at seminar og konferansar, er stadar der nøktern realisme, blir gøymt bak fargerike lysbilete på veggane.

Men tilbake til oljen: I 2015 hadde fallet i oljeprisen slått inn, likevel eksporterte vi olje og gass for ufattelege 450 milliardar kroner, det året. I 2017 eksporterte Norge sjømat for 94,5 milliardar kroner, det er den største eksportverdien nokon gong. Det er lett å rekne ut at om sjømat skal overta etter oljen, må vi femdoble eksportverdien av sjømat. Mange meiner at det er fullt mogleg, og fiskeriministeren snakkar om «fem gangen», og støttar seg på ein studie frå SINTEF. Det er mykje folk på jorda, og det kan godt hende at det er mogleg å selje så store kvantum med sjømat. Men det er naturen som set grenser, meir enn marknaden. I dei tradisjonelle fiskeria, er det kvotene som regulerer uttaket frå havet. Ein eventuell verdiauke må hentast frå nye artar og biprodukt, så langt har det vore ein tung veg å gå.

Oppdrettsnæringa har hatt ein enorm vekst, og har potensiale til vidare vekst. Men vi ser at naturen protesterer, næringa har ikkje hatt volumvekst dei siste åra, på grunn av store problem med lakselus. Vi ser også at tilgangen på marint fôr er avgrensa, og at laksen et meir og meir plantefôr, som soya, solsikke og raps. Dersom den utviklinga held fram, vil innhaldet av Omega 3 i laksen naturleg nok bli ytterlegare redusert.

Den elleville veksten som mange spår, har mange bremseklossar. Grunnen til at mange ropar ut til folket, at dei er den nye oljen, er vel at ein vil ha merksemd, både frå media, og frå styremaktene. Men dei store inntektene frå olje -og gass får vi nok berre ein gong i vårt lands historie, og vi er blitt økonomisk fartsblinde.

Vi må utvikle mange nye næringar, for å kompensere for bortfallet av inntektene frå olje- og gass. Sjømat vil vere svært viktig, men då må vi også passe dei sårbare gytefelta, og skjerme dei for oljeverksemd. Men vi bør ikkje slutte å utvinne olje og gass, der fiskeri og olje kan leve side om side.

Vi kan ikkje slå av ein brytar, og slå på ein ny, slik miljørørsla hevdar. Det er inntektene og teknologien frå oljenæringa, som kan gjere oss i stand til å byggje opp alternative næringar, og det vil ta tid. Så lenge det lever ei myte om at ei spesifikk næring kan erstatte dei store olje -og gassinntektene, undervurderer vi den jobben som må gjerast i åra som kjem.

Vi veit lite om framtida, men eg kjenner meg likevel sikker på at det ikkje er kunst vi skal leve av i framtida.

Ha ein realistisk fredag!