Som i fjor vinter, har dei lokale sjarkane gått nordover for å fiske torskekvotane sine der det er fisk å få. Noko ferdafisk kom ikkje sørover i lag med silda denne vinteren heller, og bortsett frå litt samling der silda gytte, var det heller lite dei som prøvde seg fekk med torsk.

-Du må nordover skal det bli noko av det. Her sør er det verken sild eller annan mat i havet. Og då kan ein ikkje vente her blir noko torsk heller.

Det seier Hallvard Leine, som allereie er komen heim igjen etter å ha fiska sine tilmålte 24 tonn torsk på Røst. Sjølv med ein etter måten så liten kvote, valde Leine å ta den lange turen opp til Røst denne vinteren også. Fleire har gått enda lenger.

-Det var lite fiskeri til å begynne med, men på slutten vart det bra. Og då var det fort gjort å fylle opp, seier Leine.

Heilt opp til Finnmark

Sist vinter var det knapt nokon av herøysjarkane med kvote som ikkje gjekk nordover. Rundt tretti båtar til saman frå Herøy dreiv då torsken frå Lofoten i sør og nordover til Finnmark og opplevde eit heilt anna fiskeri enn dei ville greidd å ha her heime. Det same skjer denne vinteren, og dei fleste er allereie godt i gang med fiskeriet.

Ferdige ein etter ein

Fleire har også begynt å bli ferdige. Mellom dei er Sigvald Sævik, som onsdag kunne levere siste rest av kvoten på 62 tonn på Røst. Ferdig var også Vidar Hareide. Men medan Sævik snart er heime, skulle Hareide ligge og vente på å få begynne og fiske på ei ny kvote han hadde leigd.

-Siste dagane har det vore veldig bra fiskeri her på Røst, med solskin og finvêr, og store mengder med fisk rundt heile øya, fortel dei to herøyfiskarane i Lofoten.

Fleire på veg

Arve Teige var ein av dei siste som la i veg då han tysdag tok laust med Argo og sette kursen nordover. Teige har ikkje mindre enn 170 tonn torsk som skal hentast på land før han er klar for å gjere vendereis. Det kan ta ein månads tid, kanskje meir, før Argo igjen kan feste tampane til kaia på Fosnavåg hamn.

-Det kjem an på kva forhold vi får å jobbe under. Det kan gå fort, men det kan også ta litt tid om vi skulle bli plaga med vêret, seier Teige på telefonen etter å ha gått eit lite døgn og er på høgde med Stokksund på trøndelagskysten.

170 tonn på ein månad vil seie det same som at dei må ha eit snitt på 5–6 tonn for dag. Akkurat det skulle ikkje vere uoverkomeleg om dei får halde jamn drift framover.

-Vi har tenkt oss nord til Sørøya, men det kan hende vi stoppar på Andøya og prøver der fyrst, seier Teige.

I sjøen bak seg har han eit par andre herøysjarkar med same mål for auget: Å ta torskekvoten på kortast mogleg tid.

-170 tonn hadde vi aldri greidd å få heime, seier Teige, som tidlegare i vinter har lege på seien og landa bort imot 150 tonn.

Kvantumsmessig vil han seie seg bra fornøgd, men prisane dei har fått for seien denne vinteren har ikkje vore mykje å skryte av.

Medan dei lokale sjarkane har gått nordover, er det også denne vinteren nokre «søringar» som har stansa her i området og bidreg til at der ikkje er heilt fritt for aktivitet på dei nære felta. Dette er båtar som ikkje har meir å fiske enn 18–20 tonn torsk, og driv eit kombinasjonsfiske med sei og hyse.