Rekdal er lærar av yrke, men har solid erfaring med fotball, både som spelar og seinare som lagleiar og trenar i aldersbestemt fotball og for seniorlag.

Styret i SFK vedtok tidlegare i år at det skulle søkast etter fotballutviklarar som skal vere SFK si forlenga arm ut til klubbane.

Oppgåva blir å bidra til meir og betre aktivitet i klubbane innafor rammene i kvalitetsklubbkonseptet og norsk fotball sin handlingsplan.

Konkret skal ein fotballutviklar ha formell fagleg kompetanse innan leiar-, spelar- og/eller trenarområdet og gjennomføre tiltak i klubbane, opplyser fotballkretsen, og syner til døme:

  • Informasjonsmøte

  • Utviklingstiltak for leiar, trenar og/eller spelar

  • Prosessrettleiing

Etter ei runde med aktuelle søkjarar stod SFK igjen med det som vert omtala som fire solide kandidatar - som alle har takka ja til engasjementet som fotballutviklarar i SFK. Desse fire har alle solid kompetanse både innan rettleiing og fotball. Dei fire vert omtala slik:

  • Vegard Eikrem frå Langevåg har i en årrekkje halde flere titalls trenarkurs på Sunnmøre, han har lang erfaring som dagleg leder i ein klubb og har i tillegg erfaring som både lagstrenar og styremedlem i blant anna kretsen.

  • Rigmor Nekstad frå Ørsta er utdanna adjunkt og med solid erfaring frå skuleverket. Ho har også i en årrekke vore aktiv i klubb, mellom anna som kvalitetsklubbansvarleg.

  • Kari Mette Sundgot frå Ulsteinvik er økonomisjef i Volda kommune, men kom før det frå rolla som dagleg leiar i Hødd Fotball. Ho har i tillegg hatt ei rekkje andre oppgåver i den klubben.

  • Evard Inge Rekdal frå Larsnes er adjunkt av yrke, men har i en årrekkje vore trenar for både seniorlag og aldersbestemte lag. Han har også hatt roller i styret i Larsnes IL.

- Desse fire fotballutviklarane er no klare for å oppsøke klubbar som ønskjer fokus på utvikling, først og fremst kvalitetsklubbane. Her vil det bli snakk om å bidra inn mot både større og mindre prosessar - anten det er snakk om jentefotball, rekruttering, organisasjonsutvikling eller verdiarbeid. Målet er at det skal gi meir og betre aktivitet for både små og store ute i klubbane, opplyser fotballkretsen ved dagleg leiar Bjørn Oskar Haukaberg

Klubbar som ønsker mer informasjon og eventuelt besøk av ein fotballutviklar kan vende seg til SFK