– Det er ein Volkswagen Polo 2005-modell. I den skal vi byggje stereo for å demonstrere og prøve ut forskjellig utstyr, seier dagleg leiar Frode Sævik i Bass Brothers.

Butikken vekte litt oppsikt då dei for litt over ei veke sidan frakta den 2/3-dels bilen inn gjennom veggen, i holet der vindaugsruta vanlegvis er.

– Fosnavåg bilverkstad har lakkert bilen slik eg vil ha den, i Ground Zero sine fargar. Men vi har masse monteringsjobb igjen før det vert ein bil, seier Sævik.

(Saka held fram under bildet)

Demonstrasjonsbil: I denne Volkswagen Poloen (2005-modell) – skal kundar få prøve ut ulike typar basskasser. Sævik reknar med at den vert ferdig om rundt halvannan månad. Foto: Josefine Spiro

Ei av hensiktene med installasjonen er at kundar skal kunne høyre korleis dei ulike basskassene butikken sel lyder inni bilen. Men Sævik har også ein annan plan:

– Vi skal måle lyden på kvar einaste basskasse vi har, videodokumentere det, og publisere det på Youtube-kanalen vår, seier han.

Per dags dato er Bass Brothers allereie ein spydspiss i Noreg når det gjeld bilstereo på sosiale media.

– No skal vi spreie dette på sosiale media og vise endå meir kor sære vi eigentleg er, seier Sævik.

Sprekt uttrykk

Veggane i butikklokalet er måla i GZ-fargane, raudt, svart og gult. Ved sida av disken står dessutan eit heimesnikra møbel, også det i GZ-raudt, der butikken viser fram musikkspelarar til bilen.

– Eg veit ikkje om andre i Noreg som har så mange headunits utstilte i butikk, og då har vi besøkt «dei store gutta», seier Sævik.

Butikken har vore i full drift under oppussinga, og karane gjer det meste sjølve. Difor tek det tid.

– Vi har halde på i om lag eitt år, og har framleis fleire møblar å byggje, men i løpet av juni skal vi vere i mål, seier Sævik.

Nytt møbel: – Etter det eg veit har ingen andre norske aktørar utstilt så mange «headunits» i butikk, seier Frode Sævik. Når alle spelarane kjem på plass, vil der vere totalt 36 av dei. Foto: Josefine Spiro

Trend

Å ha god lyd i bilen er viktig for mange, skal vi tru Sævik.

– Og eg merkar at interessa aukar mellom dei i alderen 40+. Veit du kvifor? Jau, for med kone, ungar og alt som følgjer med, har karane éin fristad, og det er i bilen. Difor gjer dei små inngrep for å føle seg bra i sin eigen bil. Typisk for denne aldersgruppa er at dei vil ha litt meir bass, god lyd, gjerne i ei skjult løysing.

Berre 18 % er lokale

I fjor sette den vesle bilstereo-butikken salsrekord; nær 10 millionar kroner netto. Av det kom om lag 45 % frå nettsal.

– Resten gjekk ut av døra her, seier Sævik.

Av dei som besøker butikken, anslår eigaren at om lag 18 % er busette i Herøy.

– Det betyr at har vi noko som dreg folk til Fosnavåg, seier Sævik.

Og mange kjem langvegsfrå.

– For fire veker sidan var her til dømes ein kar frå Tønsberg. Han køyrde 11 timar hit opp, la seg på hotell, vi monterte, han fekk bilen sin, og stakk igjen, seier Sævik.

Slike kundar vert det stadig fleire av.

– Det er litt spennande at vi kan sitje på ein tareholme langt ute i «intet» og faktisk drive med noko så sært. Den høge omsettinga i fjor har truleg å gjere med at vi har veldig spesialretta kompetanse som folk leitar etter, seier Sævik.

Men også Thon Hotel Fosnavåg og Sunnmørsbadet har innverknad på salet.

– Det dei tilbyr gjer at kundane våre kan unnskylde turen til Fosnavåg med ei oppleving. Mange tek med seg familiane sine, eg køyrer dei på Badeland, og så monterer vi til dei er leide av å bade, seier Sævik.

(Sjå video av korleis dei fekk bilen inn i butikken)