Voksingane, vande med pleie av inn- og utmark gjennom generasjonar, plar ofte ha ein vårleg aksjon med bråtebrenning, både på øya og tilhøyrande holmar. Onsdag var grunneigarar i sving med ein ny slik dugnad. Då det tok til å mørkne utpå kveldinga, vart flammane naturleg nok synlege over store delar av ytste, søre luten.

Politiet fekk igjen melding om «brannen på Voksa», som nokre omtala det heile som, og kunne gå ut og roe med folk med at det heile føregjekk i kontrollerte former. Også på sosiale mediar var det mykje merksemd om bråtebrenninga.

Hestholmen ligg like nordaust for ferjekaia på Voksa, og er synleg frå store delar av Sande og nabokommunane. Det var stilt onsdag kveld, og røyken seig sakte vestover. Altså ikkje austover, som den gongen Hallebygda vart røyklagd, med tilhøyrande reaksjonar på det.

Det var meir brenning onsdag. Tidlegare på dag kveikte nemleg Statens Naturoppsyn og Fylkesmannen i under lyngen i Nupafjellet naturreservat, i fjellet nord for ytste Hallebygda. Her assisterte Sande kommune gjennom brannvernet. Også her var flammane synlege eit godt stykke utover onsdagskvelden.