Elevrådet i Gursken meiner modell B er den beste. Denne inneber at Gjerdsvika skule vert lagt ned, og at elevane vert flytta til Gursken.

Denne modellen medfører i tilfelle iverksettng at dei to skulane på Sandsøya og Kvamsøya vert samanslegne.

Modell B er mest realistisk. Dette med tanke på at det bør vere att ein skule på øyane, for å sikre vidare busetting her, heiter det frå elevrådet.

Dei meiner også at det kan vere utfordrande å sende små born over sjø og land frå ytre Sande til Gursken.

Når det gjeld flytting av elevar frå Gjerdsvika, så ser vi på det som eit godt forslag. No går elevane frå 6. – 10. klasse ved Gursken skule allereie. Difor ser vi positivt på at også 1.-5. klasse kjem til Gursken, skriv elevrådsleiar Viola Andersson.

Elevrådet meiner fleire elevar vil gje positive faktorar både skulefagleg og når det gjeld moglegheiter for å utvide fritidstilbodet.