Å skilje artane

Dei svarte fuglane som sit til utstilling på nakne svaberg og tørkar vengane er eit standard syn langs kysten vår.

Då kan det vere kjekt å vite kva type skarv ein ser på. I teorien burde det gå greitt å skilje dei to typane, men i praksis er det ikkje alltid like lett.

Det er nemleg ikkje alltid toppskarven har den karakteristiske toppen. I så fall kan ein jo gå ut ifrå at storskarven er, som namnet tilseier, ein del større enn slektningen sin, men så var det jo å skilje ein stor fugleart, frå ein litt større fugleart.

Den sikraste måten er rett og slett å bruke ein kikkert for å prøve å få auge på storskarvens kvite lår og hake. Det kan vere greitt å ha ein relativt kraftig kikkert, då desse fuglane er svært sky.

Sjølv om fuglen har små vengar i forhold til kroppen og må bruke ein del energi på å kome seg opp i lufta har han lav terskel for å lette.

Det tok meg lang tid å finne ein teknikk for å kome nære nok til å fotografere dei, men i det siste ser det ut til at eg har funne meg ein metode.

Bestanden i Noreg

Sjølv om framtida til kolonien på Runde ser mørk ut, er bestanden av skarv i Noreg godt veksande.

Aukinga av talet på skarv langs kysten vår hender samtidig som torskebestanden går ned, noko som har fått nokre til å gi fuglen skulda for at fisken forsvinn.

Andre derimot reagerer stekt på dette og minner om at det sannsynlegvis er vi menneske sjølve som har skulda.

Grunnen til at skarveura har døydd ut skuldast truleg aukinga av makrellbestanden som kjem om sommaren.

Denne rovfisken et mykje av næringsgrunnlaget rundt fuglefjellet, noko som naturlegvis vil føre til konsekvensar langt opp i næringskjeda.

Generelt i Noreg er fuglen på trygg grunn og vil nok fortsette å pryde svaberga våre i lange tider.