Herøy kyrkjelege fellesråd har ikkje fått eit einaste innspel om nytt areal til gravplass for Bergsøy og Leinøy. No vil fellesrådet at Herøy kommune skal gjere ein fullstendig analyse av korleis framtidig gravareal kan sikrast.

-Dette er ei sak som hastar, og det er kommunestyret som har ansvaret for å skaffe slikt areal, seier kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø.

I Flusund minkar kapasiteten faretruande, og her har grunneigarane motsett seg ei utviding basert på tidlegare inngått avtale med kommunen. Basert på advokatar si tolking av denne avtalen, gjekk fellesrådet ut og bad om tips til alternativ gravplass. Men altså utan resultat.

Gravplassituasjonen skal opp som sak på det komande eldrerådsmøtet. Rådmann Kopperstad vil vente og sjå kva utspel som der vil kome.