For det var høg klasse av det som blei levert frå scena – 20 låtar henta ifrå James Bond-filmar frå fem tiår. Lydbildet var gjennomgåande veldig flott under heile konserten; Rune Ertesvåg på gitar og Nasko Nikolajev på tangentar gav verdifull støtte til korps og vokalistar. Og konferansier Trond Ihle batt det heile i hop på ein fin måte med si lune toten-dialekt.

Stor øvingsvilje

– Det er ei enormt stor oppgåve når så mange nummer skal øvast inn på så kort tid som musikarane hadde til rådvelde denne gongen, sa dirigent Jette Hougaard Holstad, og la til:

– Etter at nyttårskonserten var unnagjort i midten av februar, hadde vi berre halvanna månad å gjere det på, for inni den perioden var der jo vinterferie. Men denne gjengen er både dedikerte og disiplinerte, og dei klarte oppgåva med glans, strålte Hougaard Holstad, som berre har dirigert Herøy-ensemblet eit halvt år.

Bond-låtar med stil

Repertoaret blei framført i den same kronologiske rekkefølgja som Bond-filmane blei produserte og publiserte i. Den typiske Bond-filmen er etter måten enkel – naiv på grensa til det karikerte i manuskript og form, men når det kjem til tittelmelodiane, så har desse jamt over halde ein høg standard. Den typiske Bond-låten krev gjerne mykje frå vokalistane. Fem tiår med Bond-filmar byr naturleg nok på fleire ulike sjangrar, men den erketypiske Bond-låten er ein vokalteknisk krevjande ballade, framført av ein kvinneleg artist.

Fjellstø vokalistar

Men innimellom har der også vore mannlege artistar eller popgrupper – og det var spesielt i ein slik bolk at Trygve Sætre fekk vist fram sitt register og potensial som songar – eller artist, om du vil. Sætre er ein vokal-kameleon med ei særs god formidlingsevne; hans allsidige sjangerbakgrunn som songar kombinert med fjellstø teknikk og stemmekontroll gjer at han «naglar» det aller meste han gir seg i kast med.

Duran Duran-låten «A View to a Kill» og A-ha-låten “The Living Daylights” kom rett etter kvarandre; vokalen i dei to songane er heilt forskjellig; Sætre framførte begge til perfeksjon.

Brigitta Hauge kunngjorde at ho storkoste seg med låtane ho framførte – spesielt på Shirley Bassey-låten «Goldfinger, som kom med ein av dei aller første Bond-filmane, der gode, gamle Sean Connery hadde hovudrolla.

Arnhild Bjerkvik strålte som ein flunkande diamant på «Diamonds are Forever». Ho stod også for ei nydeleg framføring av det som lenge var underteikna sin favorittlåt frå Bond-universet, nemleg den vakre balladen «All Time High» frå filmen «Octopussy» – med Roger Moore som agenten med rett til å drepe. For det som er blitt min nye favoritt er Adele-låten «Skyfall»; og denne delte dei tre songarane vokalansvaret for på ein elegant måte i eit forventa, men svært så flott ekstranummer.

Trivst med utfordringar

Orkesteret fekk verkeleg vist seg fram, og på Paul McCartney-låten «Live and Let Die» – som har fleire krevjande takt- og temposkifte – storspelte dei. Det viser at janitsjar-musikantane trivst med utfordringar og veks med oppgåvene.

– Det har vore veldig kjekt så langt, og eg gler meg veldig til framhaldet, avslutta ei letta og smilande Jette Hougaard Holstad, som fortel at ho stortrivst i rolla som dirigent for Herøy Janitsjar. Den tidlegare dirigenten, Øyvind Granden Berg, smilte breitt han også, med ei blankpussa og finstemt tverrfløyte.