Harald Hoddevik har sendt oss bilde av ein gjenstand han har funne i eit naust. Tjørvågaren har ikkje lagt ved anna informasjon enn dette. Men vi veit at vi har mange oppvakte lesarar som har inngåande kjennskap ikkje minst til det maritime, der denne rariteten ser ut til å ha sitt opphav frå. Spørsmålet er: Kva er dette, og kva har det vore brukt til? Send svaret til redaksjons-eposten.

Har du ein gåtefull gjenstand? Send oss gjerne slike typer innlegg.