Ein episode 2. februar ved Myrvågkrysset har vore tema for ei sak i Sunnmøre tingrett. Ein ung mann frå Ulstein føretok ei forbikøyring som førte til at han vart ståande utan førarkort. No er det avgjort at han framleis blir utan førarkort, og minst fram til 8. november, eller fram til saka vert avgjort i retten.

Mannen var på veg i bil frå Fosnavåg til Ulsteinvik i då hendinga skjedde. Sjølv meiner han ein bil med vikeplikt kom så brått ut i vegen at han ikkje hadde tid til å bremse ned, men måtte køyre forbi. Spegelen på den andre bilen gjekk med då bilane var borti kvarandre. Eit vitne, som retten festar lit til, har ei heilt anna forklaring. Vedkomande meiner den sikta har køyrt aggressivt og uforsvarleg fleire gongar på denne strekninga. Også i dette tilfellet, der vitnet meiner sikta hadde tid til å bremse ned, men i staden føretok ei forbikøyring der spegelen på den andre bilen vart øydelagt.

Retten meiner det er grunn til mistanke om at vegtrafikklova § 3 er broten, og at forholdet kan medføre tap av førarretten i 9 til 12 månader.