– Kjernen i frivilligheit er nettopp at vi gjer noko fordi vi synest det er viktig og riktig, og ikkje for personleg vinning. Vårt vesle samfunn i Noreg består av vaffelsteikarar, kaffikokarar, besøksvenner, villige hender og store hjarter som vi ikkje hadde klart oss utan. Frivillig arbeid gir ei god kjensle.

Desse orda frå den norske kongen sin nyttårstale vart siterte av Ingvill Sævik Bjørneset ved Herøy Frivilligsentral heilt avslutningsvis i laurdagens program. På ein måte understreka bodskapen informasjonen dei frammøtte allereie hadde fått. Om middagsbringing, bingokveldar, strikkekafé, natteramnar, språkkafé, babytreff, seniorsurf, høyrselshjelp, Den kulturelle spaserstokken, HerøyLAN, Fritidsklubben og integrering av flyktningar.

Felles for dei fleste av dei nemnde aktivitetane er at dei byggjer på frivillig arbeid. Nokre, som til dømes Babytreff, er organisert av Frivilligsentralen åleine, men mykje av arbeidet er basert på samarbeid med andre aktørar som på ein eller annan måte bidreg til aktivitet i lokalsamfunnet.

Representantar frå dei ulike aktørane var sjølve til stades for å fortelje om alle tilboda.

Klipte snora

– Eg må rose den smakfulle innreiinga. Den er behageleg å vere her, og det er viktig på ein plass som dette.

Det sa ordførar Arnulf Goksøyr, medan han stod med saksa i handa, klar til å klippe snora i dei nye, nyoppussa lokala.

– Eg er glad for endeleg å få klippe ei snor igjen. Dette er dessutan ei snor det er gledeleg å klippe, understreka han.

– Snart fullbooka

Ein av dei siste som hadde ordet var styreleiar Sigurd Nygard.

– Eg var eigentleg motstandar av å flytte hit opp, men det er no berre ein tosk som ikkje kan forandre meining, og det vil eg ikkje vere. Vi har fått ein kjempeplass, sa han mellom anna, før han trekte fram nokre av prosjekta som Frivilligsentralen er base for.

– Eg er sikker på at vi i Herøy har ein frivilligsentral vi kan vere stolte av, avslutta han.

Godt oppmøte: Politikarar, representantar frå kommunen, ungdomsrådet, brukarar av Frivilligsentralen og fleire næringsdrivande deltok på opninga. Foto: Josefine Spiro
Song: Mina Brendmo (10) sjarmerte med songen «Berre la meg vær» av Eva Weel Skram. Foto: Josefine Spiro