– Det er utruleg spennande å bli tatt ut til dette. Det er stort, seier Vegard Håheim Elveseter.

Han og Julius Jarnes har begge sett av nokre minutt av dagens treningsøkt for G14 for å snakke med lokalavisa. Grunnen er at dei to har vist lovande godt fotballspel og har derfor blitt tatt ut av Noregs Fotballforbund til talentleir i Sarpsborg 15.–18. mars.

Rett under landslaget

Trenaren, Toni Sandanger, utdjupar betydninga av denne prestasjonen.

– Eit slikt uttak vil i praksis seie at desse to karane er blant Noregs 60 beste spelarar på sitt nivå. Det neste steget er faktisk G15 landslaget, skryt Sandanger.

Han seier at samlinga som gutane no skal på vil gi dei moglegheit til å bli tatt ut til landslaget for G15 til neste år.

– Sjølvsagt er nålauget trongt og det kjem an på dagsform og andre ting, men når dei har nådd dette nivået er dei definitivt klare for utfordringa, held Sandanger fram.

Nye utfordringar

På leiren blir det trening og kampar. For dei to håpefulle betyr det nye utfordringar og eit heilt nytt spelarnivå.

– Det eg gler meg mest til er å få spele med endå sterkare spelarar, seier Jarnes som er keeper.

Håheim Elveseter støttar den vurderinga.

– Eg håpar det vi gi oss nye utfordringar i form av at det blir meir tempo. Det blir nok tøffare enn det vi er vane med, seier midtbanespelaren.

Dei er begge samde i at dei er klare for å møte endå tøffare utfordringar og at dei er nøydde til å møte endå sterkare spelarar om dei skal halde fram med å utvikle fotballevnene.

– Ein blir ikkje betre av å ikkje utfordre seg sjølv, seier Jarnes.

Skryt frå og til klubben

Dei er takksame for god oppfylging i Bergsøy. Dei meiner dei har hatt eit godt treningstilbod som har hjelpt dei å nå opp til det nivået som dei har.

– Vi har hatt bra med støtte i klubben og fått gode treningsmoglegheiter, seier dei to gutane.

Men, sjølv om treningsmoglegheitene er gode på heimebane ligg det også mykje eigentrening bak, konstaterer trenaren.

– Desse gutane er utruleg flinke til å trene utanfor organiserte treningsøkter også. Dei syner fenomenal arbeidsinnsats.

Toni legg til at klubben har all grunn til å vere utruleg stolt over prestasjonen til dei to fotballspelarane.

Både Elveseter og Jarnes kan bekrefte at det ligg ein god del eigentrening bak uttaket.

– Eg trenar nesten kvar dag. Øktene blir då på ein og ein halv time, seier Elveseter.

Dette gjer også Jarnes. Dei fortel at øktene går mykje på skottrening og øving på sentring og mottak.

Ambisjonar

Når vi spør dei to om kva ambisjonar dei har med fotballen, ser dei på kvarandre og tenker seg litt om.

– Eg har eigentleg ikkje tenkt så mykje på det, seier Elveseter.

– Eg vil bli fotballspelar, seier til gjengjeld ein skråsikker Jarnes.

Elveseter er også einig i at eit tilvære som fotballspelar kunne vere ein fin fastjobb om det skulle by seg ei moglegheit.

Representerer ein god trend

Avslutningsvis fortel Sandanger at dei to karane, og andre ungdommar som stadig utmerker seg i Bergsøy, er ein manifestasjon på at opplegget som klubben køyrer er rett.

– Det er kjekt å sjå at vi har så god spelarutvikling i klubben.