– Eg meiner vi må slå ring om skule og pleie. Vi veit alle at dette er dei to mest kostnadskrevjande sektorane, men blir det skore meir inn til beinet no, er eg redd det er meir til skade enn gagn for Sande kommune, seier Ristesund til Vestlandsnytt.

«Nye Bjørnsund»?

Ikkje minst er ho oppteken av det som no er under oppsegling i skulesektoren.

– Eg reagerer sterkt på at kommunen kan leggje ned skulane på dei to kringflødde øyane våre i Sande. Det vil vere svært lite framtidsretta. Eg har budd på Kvamsøya sidan 1965, og meiner øyane ville ha vore fråflytta om det ikkje var for skulane. Då hadde det skjedd med oss som på Bjørnsund, som vart folketomt då skulen forsvann, seier Ristesund.

Fallitterklæring

All den tid det ligg føre konkrete planar om fastlandssamband meiner ho det vil vere ei fallitterklæring om ein tek til å sende skuleungar sjøvegen.

– Sande Vest sitt framlegg om IKT-basert undervising fell på si eiga urimelegheit. Lat skulane bestå som i dag fram til vi får fast samband, seier ho.

Ristesund legg til at ho med interesse les i Vestlandsnytt at kommunen ikkje klarer å marknadsføre næringsfondet godt nok til å sikre fondet påfylling av midlar. Slikt er avgjerande viktig i ein utkantkommune, meiner ho.

Pleie og omsorg

Ristesund kjenner pleie- og omsorgssektoren i Sande godt. Også her er det grunn til å rope varsku, meiner ho.

– Ikkje minst nr vi ser at kommunen noterer seg for eit fint overskot på drifta for 2017 kbør vi stoppe opp og sjå kva innsparingane dei siste åra har ført til. Lat oss heller byggje opp att tilbodet som er redusert.

– Kva konkret tenkjer du på?

– Ta til dømes stillingane med ergoterapeut og aktivitør. Begge er viktige tilbod innafor pleie og omsorg, men politikarane har teke vekk stillingane for å spare pengar. Desse bør snarast på plass igjen i arbeidet for få eit heilskapleg og godt tenestetilbod, seier Kari Ristesund.

Ho har meir på hjartet:

– «Øya» er eit godt fungerande tilbod, men det er ikkje alltid slik at alle kan vere der. Demens-avdelinga med sine pasientar treng eit meir skjerma tilbod, åleine. Det vert for mange samla for denne pasientgruppa.

Ristesund er også redd for komande innsparingar og kva dei kan føre til:

– No ligg det føre konkret framlegg om å ta vekk ei nattevaktstilling på Sandetun. Etter mitt syn er dette feil veg å gå. Det kan gå ut over tryggleiken til pasientane, fryktar Kari Ristesund.

Dalen: Endra logistikk

Helse- og omsorgssjef Bård Dalen seier i ein kommentar at sektoren dei siste to åra vore gjennom fleire endringar - og nye er på gong.

– I alle desse legg vi vekt på eit godt førearbeid og god kommunikasjon med dei som er impliserte, seier Dalen, og legg til:

– Det er rett at vi endrar bemanninga på natt. Det er endringar i pasientlogistikken på Sandetun Omsorgssenter som gjer at det etter vår vurdering er ei forsvarleg endring. Vi set og i verk fleire tiltak for å støtte opp om endringane - og følgjer desse nøye i tida framover, seier Dalen.

Han legg til at det er eit mål å få gjort meir for mindre pengar, og seier balansen mellom reduksjonar og å oppretthalde kvalitet har stor fokus.

– Vi har flinke folk også på natt - og har god tru på at vi skal få dette til. «Natta» vert slik eg ser det godt leia - og vi set inn ekstra ressursar når det er særskilt grunnlag for det.