-Vi vil prøve å minimere konsekvensane i antal sjøfolk som blir råka av flaggskiftet, seier Karl Erik Sande som er mannskapssjef i Remøy Shipping.

Flaggskiftet råkar til saman 48 stillingar som i dag er bemanna med skandinavisk mannskap. Etter det planlagde flaggskiftet vil fartøya segle med hovudsakleg britiske og polske sjøfolk.

Flaggskifte i mai

Dei amerikanske eigarane har bestemt seg for å skifte flagg på dei to supplyskipa NAO Guardian og NAO Protector som eit kostnadssparande tiltak. Dei to båtane er i dag registrerte i norsk skipsregister (NOR), men vil få heist det britiske flagget i løpet av mai.

Management vidare

NAO Protector og NAO Guardian er to av til saman åtte Ulstein-bygde supplyskip som seinare blei overtekne av det amerikanske selskapet NAO. Remøy Shipping har hatt driftsansvaret for flesteparten av NAO sine ti båtar, og skal halde fram med å drifte Guardian og Protector også etter flaggskiftet.

Ny bemanningsaktør

Ansvaret for bemanning av båtane vil derimot bli overført til ein annan leverandør.

-Vi har forståing for skipseigarane sine val i ein knalltøff marknad, seier Sande.

Ifylgje Sande har reiarlaget sett i gang eit arbeid, ilag med dei tillitsvalde, for å minimere effekten utflagginga vil ha for det skandinaviske mannskapet på dei to båtane.

RS Crewing

Dei 48 som blir råka av flaggskiftet er tilsette i bemanningsselskapet RS Crewing, der alle tilsette både på eigne båtar og båtar som blir drivne for andre, er samla. Til saman er det i dag i overkant av 200 sjøfolk tilsette i dette selskapet.

Går etter ansiennitet

Sande seier at i slike situasjonar er det ansiennitetsprinsippet som vil vere gjeldande for kven som misser jobben.

-Der er ein del vikarar, og for nokre vil det vere tale om naturleg avgang, så det er enda for tidleg å seie kor mange som må gå, seier Sande.