Plastkannene ved Herøybrua er ikkje det einaste dømet på lettvint avfallsdeponering på Bølandet i Herøy.

Dette bildet har Svenn Torvik knipsa frå Nordic Resort sin utmarkseigedom i Torvik på Bølandet. Der synest det ut som om eit heilt lass med materialar og inventar frå husrenovering har blitt dumpa i naturen.

Torvik viser til at til for eit par år sidan var dette ein kommunal eigedom, og området blei rydda for etterlatenskapar i samband med at Nordic Resort tok over. Denne dumpinga skjedde for nokre månader sidan, og Torvik fortel at forsøplinga er rapportert til kom- munen.

-Det er tydelig ei haldning, ute i enkelte miljø, at det er berre å ta seg til rette på annan manns eigedom, utan tanke om å spørje dei som eig grunnen. Dette vil vi ha ein slutt på, seier Torvik.