Det var torsdag kveld Are Pilskog pusta liv i eit barndomsminne ved at han bestemte seg for å engasjere trimgruppa til Gurskøy IL til ein skeisedag på Djupvikvatnet.

– Eg hugsa at eg som liten gut fekk ta skeiseknappen i Hjørungavåg og kor kjekt det var for meg. Dette gav meg spontant ein ide om at dette var noko vi kunne få til på Djupvikvatnet sidan det er tjukk og fin skøyte is der for tida, fortel Are Pilskog.

Skeiseknappar i ekspressfart

Ikkje lenge etter ideen kom hadde trimgruppa til Gurskøy IL oppretta eit arrangement på Facebook, og dei fekk bestilt skeiseknappar som kom med ekspresspost over natta for at dei skulle nå fram i tide.

Knappane kom fredag og med det var det duka for ein vellukka dag på søndag.

Overraska over oppmøtet

Og ein vellukka dag vart det for arrangørane og dei frammøtte.

– Vi har ikkje teljinga på kor mange som var innom, men eg kan i alle fall med sikkerheit seie her var over 100, kanskje meir, samtidig, fortel Pilskog.

Folk kom ifrå nærliggande bygder, men det var også observert folk som tok turen frå nabokommunane.

Skeisedagen starta klokka tolv på førmiddagen. I to timar fekk dei som ville, prøve å ta skeiseknappen i bronse. Det innebar at dei under 11 måtte gå 200 meter, dei frå 11 til 16 400 meter, og dei over 16 gjekk 1500 meter. Heldigvis hadde idrettslaget bestilt inn ekstra mange knappar, for dette var populært. Dei fekk delt ut alle 60 som var bestilte.

– Eg trur det var kjekt for dei unge å få ein slik knapp. Det er i alle fall det inntrykket eg fekk.

Vidare utover dagen var der fleire som kom for å nyte fine verforhold og bålkos. Idrettslaget hadde også sett ut kjegler og lagt til rette for ishockey, noko som var til glede for fleire.

Håpar det blir ein tradisjon

Are Pilskog og resten av Gurskøy IL ser ikkje vekk ifrå at det blir fleire slike dagar.

– Ja, no som dei unge har fått tatt bronse-skeiseknappen reknar eg berre med dei vil ta både sølv og gull også, seier ein optimistisk Pilskog.

Han meiner det ville vere positivt om dei kan få til fleire slike dagar.