Dei gjekk ikkje ut i gatene, dei dreiv ikkje med politikk, dei passa det dei måtte. Dei gjorde det mogleg for mennene å reise ut på havet, og hente heim store verdiar for samfunnet.

Du finn svært lite om dei i historiebøkene, det står litt meir om dei i fiskarsogene, men ikkje mykje. Dei heng ikkje i glas og rame på veggane, saman med bilda av storbasane, storskipperane og reiarane.

Vi menn har diverre stillteiande godteke at arbeidet og forsakinga til formødrene våre, ikkje har fått sin rettmessige plass i historiebøkene. Det er mogleg vi må skamme oss, og gjere noko med det.

I nyare tid har dei heldigvis fått litt meir merksemd. Takka vere forteljar Guri Aasen, kan både store og små lese boka om «Fiskarkona og døtrene hennar». Ei bok som bør vere pensum på alle skular. Fiskarkona på Vågsplassen, av skulptør Tore Bjørn Skjølsvik, er etter mi meining det finaste monumentet på Sunnmøre.

Når eg er i Fosnavåg, stoppar eg av og til, og ser på henne. Kor mange bilde eg har teke av henne, veit eg ikkje, men det er mange. Ho er avbilda i to bøker som eg har skrive, fordi ho fortel ei viktig historie om oss.

Ho er høgreist, og rett i ryggen, ho symboliserer kjærleik, omsorg og håp, men også otte for dei ho er glad i. «Ho står der på bryggja, no lyfter ho handa og vinkar og smiler til meg som fer ut. Og båten min seglar sin kos ut med stranda, og ho står der einsleg med saknad og sut» skriv Henrik Straumsheim

Men, kjem dei seg vel heim? Vil dei greie seg, når stormen herjar, og havet bryt ved fall og flu? Ho er åleine med tankane, åleine med redsla. Ho skal ta seg av borna, dei skal ha mat og klede, ho har fjøsen og dyra. Ho skal legge fisken ut over berget når morgonen kjem, snu den, passe den, og syte for at den ikkje blir øydelagt av regn og sol. Med ujamne mellomrom, rettar ho ryggen, og snur ansiktet mot havet. Ho ser berre horisonten, men ho veit ingenting, og seier ingenting.

Går vi inn i lokalhistoria vår, finn vi mange døme på at kampen for levebrødet, var ein kamp alt for mange tapte. Risikoen for å bli enkje i ung alder, var svært høg, og møtet med det tragiske, forma svært sterke kvinner.

Den 5. mars 1851 blir kysten av Sunnmøre råka av ein nordvestleg orkan. Vinden kjem brått og uventa, og fiskarane er på sjøen, og det går ikkje bra med alle. 15 mann frå Herøy og 3 mann frå Sande mister livet denne dagen. Ingebrigt Frøystad skriv bl.a. dette i dagboka si: «Marts den 5 en orkan av Nordvest saa at mange Folk omkom. Ja denne Dag var ogsaa jeg langt ude paa Havet, og da blev jeg meget bange. For Døden som hvert Øieblik blev mig for Øie sat, men Gud ske Lov som sparede mig denne Gang.» Nokre kom ikkje heim til dei som venta.

Året 2018 er vel to månader gamalt, og det meste har endra seg sidan denne marsdagen i 1851.Men framleis er havet arbeidsplassen for svært mange. Eit slikt yrke krev at ho som er heime må ta eit større ansvar, enn det som er vanleg elles i samfunnet. Det er framleis mest menn som reiser ut, men gode skiftordningar, gjer at alt har blitt mykje lettare. Dagens kystkvinner kan heldigvis realisere draumar, som formødrene deira måtte sjå langt etter, det er god grunn til å markere kvinnedagen.

Fiskarkona har noko viktig å fortelje oss; Ei historie om arbeid og slit, men også ei historie om lojalitet og grenselaus kjærleik. Det er vår oppgåve og fortelje historia vidare til våre barn og barnebarn. Vi har lett for å gløyme dei som la grunnlaget for dei store verdiane vi forvaltar i dag. Vi kan gjerne lyfte handa og helse, når vi passerer henne på Vågsplassen.

Ha ein fin fredag.