I tysdagens Vestlandsnytt stod det på trykk ei sak som er temmeleg alvorleg. Det er dumpa 40-50 store plastdunkar rett i naturen ved Herøybrua.I dagens avis presenterer vi ei liknande sak.

Forureiningsansvarleg Fred Arnesen i Herøy kommune vurderer å melde saka til politiet. Vi støttar å melde slikt, med omsyn til prinsipp, omfang og allmennpreventive omsyn. Om politiet ikkje tek slike saker på alvor, vil det i so fall signalisere at det er «fritt fram» med miljøkriminalitet.

I mellomtida er det støtt og stadig folk ute i naturen og samlar inn plast og anna rusk. Denne helga er det stor aksjon på Runde, der lokalbefolkninga i fleire tiår har hatt tradisjon med å rydde strendene. Slik strandrydding syner seg dessverre naudsynt å gjennomføre i alle bygder. Reinhaldsverket stiller opp som medspelarar for dei som tek slike initiativ.

Problemet med plast går ikkje over. Det er ei massiv utfordring som vil auke i omfang. – Plast er ein av dei største naturkatastrofane vi har. Det skjer sakte, men sikkert, seier ein aktiv og kjend mann i naturvernforbundet, Sten Helberg.

Dei som står bak dei stygge forsøplingane vi seinast har omtala, må sporast opp og bli stilte til ansvar.