Herøy Vidaregåande hadde i år 207 primærsøkjarar med ungdomsrett til alle trinna. På Vg1 søkte 24 ungdomar seg inn på Teknikk og industriell produksjon. 14 elevar søkte restaurant og matfag. 19 elevar søkte naturbruk. Helse- og oppvekstfag krona toppen med flest søkjarar, 41 personar. Til slutt har vi bygg og anleggsteknikk der søkjartalet er 9 elevar.

Naturbruk- populært i fylket

Ser vi på det litt større bildet kan vi sjå at 3459 ungdomar har søkt om skuleplass på Vg1 i Møre og Romsdal.

– I år ser vi at naturbruk er populært, medan det er svak søking til Vg1 medium og kommunikasjon, seier Geir Løkhaug i ei pressemelding. Han er seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Til yrkesfaga er det også svakare søking til Vg1 restaurant og matfag og Vg1 design og handverk, elles held søkinga til yrkesfaga seg stabil.

For restaurant- og matfag er det kritisk for faget at berre 82 søkarar har dette utdanningsprogrammet som primærønske, ein nedgang på 17 prosent.

Til dei studieførebuande utdanningsprogramma er søkinga svakare enn i fjor. Mindre årskull og færre elevar som gjer omval, er hovudgrunnane til nedgangen.

Vil ha fleire læreplassar

Om vi igjen ser på dei samla tala frå fylket er talet på søkjarar til læreplass auka til 1282. Det er 59 fleire enn i fjor.

– Vi vil også i år legge opp til ei mobilisering for å skaffe fleire læreplassar, og vi vonar at særleg kommunar ser verdien og nytta av å ta inn lærlingar særleg innan helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingar er ein verdifull ressurs som vi må sjå potensialet i, seier Løkhaug.

Vel tradisjonelt

Det er ikkje store endringar i fordelinga i søkinga til studieførebuande fag og yrkesfaga. Søkinga til vidaregåande opplæring er framleis tradisjonell. Gutar søker til Elektrofag, Bygg og anleggsteknikk og Teknikk og industriell produksjon. Jentene søkjer til Design og handverk, Kunst, design og arkitektur, Musikk, dans og drama og Helse- og oppvekstfag. Fleire jenter enn gutar søkjer Studiespesialisering, skriv fylkeskommunen.

Nedgang for media: Medium og kommunikasjon har framleis låg søking. Nedgangen i søkinga er på 25 prosent. Illustrasjonsfoto: Molde VGS Foto: Illustrasjonsfoto: Molde vgs