Dei to båtane er definerte til å vere utanfor kjerneområdet til reiarlaget, og har lege i opplag på Moltu i lengre tid.

Det er dei gamle plattform supplyskipa Havila Favour og Havila Faith som no skal ut av Havila-flåten. Begge båtane er snart tjue år gamle og blei kjøpte i den tidlege oppbyggingsfasen av reiarlaget.

Kven som kjøper båtane, er ikkje opplyst, men overlevering til ny eigar er forventa innan kort tid.

Havila skriv i ei pressemelding at salet vil ha liten effekt på resultat og likviditet.

I samband med salet er det forventa at långivarane og Havila Holding As vil utøve tildelte teikningsrettar ved konvertering av gjeld til aksjar.