Sist fredag troppa ho opp i Goksøyra på Runde, der ho overleverte ein hjartestartar på vegner av seg sjølv og ektemannen, Egil Gjerdsbakk. Dagleg leiar Knut Asle Goksøyr ved Goksøyr Camping stod klar til å ta imot.

– Vi håper det aldri vert bruk for han, seier Goksøyr.

Etter det han veit har behovet for ein hjartestartar endå ikkje medt seg på Runde.

– Det er no litt rart at vi ikkje har hatt hjartestartar på øya, med tanke på kor mykje folk som ferdast her. Men heldigvis har vi ikkje hatt bruk for det så langt. Her har vore tilfelle med hjarteproblem, men eg veit ikkje om nokon kunne ha vore redda, seier Goksøyr.

Han er likevel glad for at verktøyet endeleg er kome på plass.

– I kritiske tilfelle med hjartestans står det ofte om minutt eller sågar sekund. Då kan hjartestartaren vere til hjelp, seier han.

Oppdaga behovet i avisa

Egil Gjerdsbakk fekk vite at Runde mangla hjartestartar gjennom eit oppslag i Vestlandsnytt. Han og Pergunn bur i Fosnavåg, men driv familieselskapet Sørlia Mat AS, som driv Rema 1000 Moa i Ålesund. Det er dette firmaet som har sponsa hjartestartaren på Runde.

– Vi syntest det var frykteleg at ein sånn fin plass, som er mykje brukt både av turistar og lokalbefolkninga, ikkje skal ha ein hjartestartar, for det er kjempeviktig, seier Pergunn.

Enkel å bruke

Hjartestartaren er av same type som den Røde Kors brukar.

– Her er ei veldig god bruksrettleiing som trinnvis fortel kva ein skal gjere. Det er eit poeng at denne ligg lett tilgjengeleg ved sida av hjartestartaren, seier Pergunn.

– I tillegg skal den vere så enkel at den sjølv fortel deg korleis du skal bruke han, skyt Goksøyr inn.

Han har enno ikkje funne ut nøyaktig kvar på campingplassen hjartestartaren skal vere.

– Men eg trur eg kjem til lage til ei eiga kro for postkasser under tak. Der kan hjartestartaren stå i eit ope skap. Han skal vere lett tilgjengeleg, seier Goksøyr.