Denne gongen kjem ein ørsting på vitjing:  Terje Kjøde (76), høgst oppegåande eks-rektor, ivrig målmann, fotballkunnig kommentator, skarpskodd samfunnsdebattant og alt i alt ein ekte heidersmann.

- Terje er særs interessert i litteratur. Til Herøy kjem han med eit kåseri om Aasmund Olavson  Vinje. Som kjent er det no 200 år sidan denne mangesidige forfattaren kom til verda, og jubiléet blir feira med arrangement over heile landet, får Vestlandsnytt opplyst i ei melding frå mållaget.

"Kjenner vi Terje rett, byr han – som Vinje –  på ei god blanding av skjemt og alvor,  og det er all grunn til å gle seg til denne torsdagskvelden i godt lag hos Madelynn", heiter det også frå arrangøren si side.

Maren H. Waagan, Leikong-taus og musikkstudent i Volda, vartar opp med vakker song og musikk.  Som vanleg serverer vertsfolket god smak på fat.

Herøy Mållag, saman med kulturavdelinga til Herøy kommune, ynskjer vel møtt til samlinga.