Ordførar Dag Vaagen hadde nyleg møte med lensmann Tor Sæther for å førebu oppretting av politiråd som formalisert samarbeidsforum for det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet, for samordning av beredskapsplaner og for arbeid med samfunnstryggleik.

Det opplyser kommunen, som også fortel at det nye rådet mellom anna skal sikre utveksling av kunnskap og erfaring mellom politi og kommune. På slikt vis skal politirådet bidra til involvering og ansvarleggjering av lokale mynde, næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar.

Politirådet kjem til å bestå av ordførar, rådmann, sekretær frå kommunen, lensmann og politikontakt. Andre kan bli trekte inn ved behov.

– Eit godt og oppklarande møte, seier Vaagen. Førstesamling skal vere like rundt hjørnet.