– Eit slikt omfattande arbeid, med seks-sju personar i sving til eikvar tid, kostar sjølvsagt mykje. Ei bekymring for oss i Mattilsynet er at løyvingane til utrydding av pærebrann er skorne kraftig ned frå statleg hald i 2018.

Det seier seniorinspektør Margit Otterlei i Mattilsynet.

I september i fjor slo Mattilsynet alarm og varsla innbyggjarar i Herøy og Sande om utbrotet som var oppdaga. Etter nokre veker med registrering i hagar og andre lokalitetar med bulkmispel, planten sjukdomen gjerne først angrip, var det klart at utbrotet er stort også i nasjonal samanheng.

– Det er det største enkeltutbrotet av pærebrann vi kjenner til i norsk historie, etter at sjukdomen først vart registrert her til lands i 1986, seier Otterlei til Vestlandsnytt.

Tok vinterpause

Fjerninga av bulkmispel, både i private hagar og i utmark, heldt fram for fullt utover hausten.

– Då vinteren kom, avslutta vi arbeidet med rydding av mispel. Bakterien spreier seg ikkje i slike låge temperaturar. Planen er å halde fram så snart blada sprett på bulkmispelen til våren, opplyser Otterlei.

– Kva bygder er råka?

– Det gjeld dei fleste bygdene

i Herøy og Sande. Unntaket, så langt vi kjenner til, er Leikong, Larsnes, Kvamsøya, Sandsøya og Runde, seier seniorinspektøren frå Mattilsynet.

Det er med ikkje så reint lite spenning Mattilsynet no avventar korleis situasjonen utviklar seg til våren. Ikkje minst om pærebrann kjem til å verte avdekt i fleire bygder og/eller kommunar.

Spent på løyvingane

Margit Otterlei seier dei har fått ei ny utfordring i fanget etter nyttår, nemleg økonomien.

– Årleg har det vore sett av mellom fire og seks millionar kroner til utrydding av pærebrann her til lands, men frå 2018 er ressursane til slikt arbeid reduserte. Likevel har det vore vanleg at der ein først startar eit arbeid for å få vekk pærebrann, så gir ein seg ikkje før arbeidet er fullført.

Rundt 200 plassar har ein registrert smitta bulkmispel. Likevel skal all bulkmispel i bygder med registrert smitte fjernast, som eit ledd i å hindre sjukdomen i å blusse opp att.

– Det er framleis mykje arbeid som står att, men vi satsar på å kome i gang igjen så snart blada sprett på desse buskene. Det spesielle med dette utbrotet er at det faktisk ikkje er så mykje bulkmispel som ikkje er smitta, seier Otterlei.

Samspel med birøktarane

Dei som kjempar for å utrydde pærebrannen i Herøy og Sande vil møte endå ei utfordring viss vi får ein mild og våt sommar, med mykje vind. Lettare er det i fylgje Mattilsynet å få bukt med problemet om sommaren vert kjølig og tørr.

– Elles har vi ein god dialog med dei registrerte birøktarane i distriktet. Bier kan lett spreie sjukdomen, og her er det viktig med eit framleis godt samspel, avsluttar seniorinspektør Margit Otterlei i Mattilsynet.