I ei pressemelding skriv Herøyspelet at det nye styret består av Kaja Husøy Ingebrigtsen, Arve Voldsund, Tor Sindre Steinsvik (nestleiar), Karoline Velsvik Sivertsen og Leiv Aarflot med Linn Therese Sævik som ny styreleiar.

Erfaren leiar

Sævik har vore med i styret for «Kongens Ring» i ei årrekke. Ho var også dagleg leiar for spelet ein periode. I pressemeldinga seier at ho gler seg til å drage i trådane for den største kulturdugnaden i Herøy.

– Eg er takknemleg for å få spele på lag med så mykje dyktige folk der vi får kjenne gleda over å skape noko saman. Og når vi lagar til eit så godt spel, og der vi i år også skal utvikle og fornye opplevinga rundt spelet, så er dette berre kjekt.