Dermed er lovlegheita av vedtaket framleis eit ope spørsmål etter at både kontrollutvalet og fylkesmannen har sett på det omstridde vedtaket.

Medan kontrollutvalet ikkje såg seg kompetent til å vurdere lovlegheitsspørsmålet, konkluderer fylkesmannen med at dei formelle vilkåra om lovlegheitskontroll ikkje er til stades.

Klagen er fremma for seint, og difor konkluderer Fylkesmannen med at klagen ikkje kan takast opp til handsaming. Han slår fast at medan vedtaket om tilskot blei gjort tidleg i februar, er klagen datert så seint som i slutten av august 2017. Klagefristen er tre veker.

Rådmann Olaus Jon Kopperstad meiner det likevel ikkje er slik kommunen no berre må betale ut tilskotet slik komiteen for nærling, kultur og idrett gjorde vedtak om i februar.

-Eigentleg veit vi enda ikkje om vedtaket er lovleg. Neste steg blir difor å hente inn uttale frå kommuneadvokaten, seier rådmannen.