Fylkesmannen kan ikkje sjå at den vedtekne detaljreguleringa av nytt bustadområde på Gjertneset er i strid med plan- og bygningslova. Han finn difor ikkje grunn til å endre kommunen sitt vedtak, der utviding av Gjertnesvegen har utløyst klage på reguleringsvedtaket.

Medan klagarane hevdar at breiddeutvidinga av vegen einsidig går ut over deira eigedom, viser kommunen til at Gjertnesvegen blir utvida om lag like mykje på kvar side av vegen.

Fylkesmannen meiner vegutvidinga vil gi fordelar med omsyn til trafikktryggleiken for alle brukarane av vegen. Han ser det difor slik at ulempene ved tap av eigedomen må vege mindre enn fordelane med utbetring av vegen.

Gjertnesvegen skal vere tilkomstveg til det nye bustadområdet der det blir lagt til rette for om lag 49 bueiningar.