Desse orda vart skrivne til redaksjonen av ei mor med barn på Einedalen skule.

– Der er ein lærar som gjer noko som ikkje mange lærarar gjer. Alle elevane hennar er så flinke til å brodere!

Dette måtte vi finne ut av.

Då vi troppar opp på Einedalen onsdag føremiddag, finn vi ei gruppe fjerdeklassingar, opptekne med kvar sitt broderi.

Klassa er tredelt denne timen, men noko seier oss at rommet hadde vore nesten like stilt om alle elevane hadde vore der på ein gong. Lyden av konsentrasjon er absolutt til å leve med.

– Brodering er etnomatte, informerer Lauritz Helde Remøy.

Elevane har halde på med det sidan første klasse, nett som mange andre Einedalen-elevar før dei.

– Dei byrja med enkle sting. Ja, nokre byrja no med korssting allereie i 1. klasse, smiler læraren, Ingrid Kvalsvik.

Ho har sett at broderinga kan gjere «underverk» med sjølvtilliten til elevane.

– Nokre er veldig sjølvgåande, medan andre får meir tilpassa oppgåver. Men alle får til noko, og det gir meistringskjensle. Ein av gutane fekk med det første ferdige broderiet sitt heim til jul. Foreldra vart så glade at dei grein, fordi han hadde klart det, seier Kvalsvik.

Mellom elevane i klasserommet denne dagen er det gutane som har mest å seie om kor mykje dei likar handarbeidet.

– Eg har brodert to bilde på ei veke, smiler Amiel Frøystad Voldnes, og viser fram det siste verket sitt; ein fargerik hane.

– Eg elskar det. Og så vert det fint. Foreldra mine bruker å bli kjempeglade når dei får broderi i gåve, seier han.

– Mine òg, kjem det frå ein annan pult, før dei stemmer i heile gjengen.

– Då eg fortalde at vi dreiv med etnomatte, vart det veldig svært, spesielt for gutane. Det handlar om å tyde og følgje mønster, seier Kvalsvik.

Læraren ser på klokka.

– No er det på tide å feste nåla, kunngjer ho.

– Å nei! kjem det frå elevane, som slett ikkje vil legge vekk det kjekke arbeidet.

Men det er ikkje sikkert dei må vente ei veke med å ta det opp att. Nokre har god tid på skulen før første time om morgonen – og den tida bruker dei meir enn gjerne på brodering!