Det er ein kald tysdagsmorgon i Tofestøda. Sola skin frå ein skyfri og blå himmel. Utanfor eit av nausta parkerer ein minibuss og ut av den kjem ein vinterkledd ungeflokk frå Troll-lia barnehage.

– I dag har vi «russeklubb», seier 5 år gamle Karoline Teige Moltubakk medan ho tek av skoa og set dei fint på plass inntil naustveggen.

Etter litt romstering har russekullet gjort sjøbua i Tofestøda om til eit legoland av klossar og teiknesaker.

Kunnskap om fisk

Etter litt leik blir ungane bedne om å setje seg rundt bordet. Barnehageassistent Rita Hodneland har nemleg funne fram ei kasse med noko oppi. Ungane flokkar seg for å sjå kva som ligg i kassa. Det er ein fisk.

– Kult. Den var rarstygg seier, Mathias Voldsund Muren (5) når han ser fisken som ligg innepakka.

– Eg lurer på om dette er ein torsk. Det er fordi han har skjegg. Det er ikkje same skjegg som menneske, fisken har berre eit lite skjegg, slår Caspian Spiro Voldsund (5) fast.

Den unge guten har rett i at det er ein torsk. Hodneland løftar opp fisken og viser den til ungane.

– Er det nokon som hugsar kva rumpa til fisken heiter? spør ho.

Ungane småflirer før alle svarar i eit rungande kor:

– Gatthol.

Rita skjer opp fisken og held fram med å spørje om kor tung dei trur ein fullvoksen torsk kan bli. Svaret ho får varierer frå 100 gram til 300 kg. Etter nokre forsøk gjettar Tora Håheim Garvik rett når ho tippar 40 kg.

– Heilt rett. Viste de at torsken også er ein kannibal? Veit de kva det er, spør Rita før ho skal til å opne magesekken.

– Det betyr at den kan ete plastikk, kjem det bestemt frå ein av ungane.

Rita dreg på smilebandet og korrigerer og seier at det betyr at fisken et andre fiskar. Nokre av ungane blir litt sjokkerte når dei ser at magesekken er full av sild og andre småfiskar.

– Eg synest det er kjekt å lære om fisken, smiler Julie Barvåg Sundgodt (5).

Utfordrar smaksløkane

Når fisken er ferdig opna får ungane leike litt meir medan Hodneland og Hildegunn Svastuen førebur eit skikkeleg fiskarmåltid for dei små.

– I dag skal dei få smake på torsk, lever, rogn, kams og fiskesuppe.

Dei to forklarar at tanken bak å servere ungane sjømat er å utfordre smaksløkane deira i tidleg alder.

– Det er veldig viktig at dei får prøve ut forskjellige smakar i tidleg alder. Vi prøvar ikkje å lære dei å like alt, men målet er at dei skal lære seg til å prøve i alle fall, fortel Rita mens ho fordelar maten utover tallerkenane.

Ho er også imponert over alt ungane er villige til å smake på.

– For litt sidan serverte eg dei kolmule og trur ikkje du dei likte det, flirer ho litt forbausa.

– Likte best gulrøtene

Etter å ha stemt i Emil-versjonen av bordverset byrjar ein litt småskeptisk gjeng å smake på all den forskjellige maten dei har fått på tallerkenen.

– Æsj, dette såg litt ekkelt ut, men eg trur det er godt, seier Karoline Teige Moltubakk når ho ser på tallerkenen. Det viser seg at noko av det var greitt på smak.

– Men eg trur eg likte best gulrøtene, gliser Caspian frå andre sida av bordet.

Uansett om fisken smakte eller ei kan russegjengen no henge opp nok ein fisk på veggen i bua, blant dei 23 andre sjødyra dei har smakt i år.