Sjølve bøsseinnsamlinga går av stabelen 20. mars, men Erhard Hermansen i Frikyrkja og Karl Anders Brendmo i Herøy kyrkje har allereie starta arbeidet med å få inn pengar til årets fasteaksjon.

– Førre veke starta vi «Opplevingslotteriet». Vinnarane vert trekte på innsamlingsdagen, 20. mars, seier Hermansen.

Inntektene frå lotteriet går uavkorta til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. Premiane er gode opplevingar.

– Det er eit teikn i tida at folk vel å gi bort opplevingar i til dømes jule- og bursdagspresangar. Difor trur vi dette vil slå an, seier Brendmo.

Loddbøkene er allereie i omløp. På premielista finn du opplevingar som «Tur med Skreddaren og eigen kokk», «Eit lite døgn på Thon Hotel Fosnavåg og Fosnavåg konserthus», og «Ein familielaurdag med badeland, kino og pizza».

Opplevingane er sponsa av leverandørane.

– Dei er veldig positive, smiler Hermansen.

«Ja, vi elsker dette vannet»

Inntektene frå årets fasteaksjon går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med å skaffe livsviktig, reint vatn til enda fleire.

– Stikkord er reint vatn, solide toalett, og god hygiene til flyktningar, seier Hermansen.

Inviterer til Tanzania-kveld

I september i fjor reiste Hermansen og Brendmo med ein delegasjon frå Kirkens Nødhjelp til Tanzania, for å sjå noko av det organisasjonen har gjort for landet. Mellom anna vitja dei landsbyen Munguri, der Agnes (11) i KN sin kampanjefilm i 2014 budde. No har landsbyen tilgang på reint vatn frå eit topp moderne brønnanlegg, installert av Kirkens Nødhjelp.

– Då vi var i Tanzania såg vi kor mykje det betyr at folk her heime bidreg. Det forandrar samfunn, seier Hermansen.

No ønskjer dei to å dele av erfaringane.

– 5. mars inviterer vi til Tanzania-kveld i Frikyrkja. Vi jobbar for at det skal bli ei heilskapleg oppleving, med forteljing frå turen, kulturelle innslag, og noko å ete. Vi håper spesielt at alle dei som sende med oss leiker, skulesaker, strikkekuvøsar og andre gåver til Tanzania, vil kome denne kvelden, seier Brendmo og Hermansen.

Vil engasjere bøsseberarar

Eit av formåla med Tanzania-kvelden er å engasjere fleire til å støtte årets fasteaksjon.

– Men vi gjer det også for å engasjere fleire bøsseberarar på aksjonsdagen 20. mars, seier Hermansen.

– Konfirmantane og foreldra deira skal gå. Det same vil femteklassingane i trusopplæringstiltaket «Agent for rettferdigheit». Men vi treng fleire om vi skal dekkje alle rodene, seier Brendmo.

Har sett mål om 300.000

Hermansen og Brendmo har sett eit mål om å heve inntektene frå bøsseaksjonen med 10 prosent sidan i fjor.

– No har eg sett eit endå meir «hårete» mål om å samle inn 300.000 kroner i løpet av heile Fastetida (Frå tre dagar etter Fastelavenssøndag til og med påskeaftan, red. anm.). Det er 110.000 kroner meir enn vi fekk inn i fjor. Å ha vore ute og sett at bidraga hjelper, motiverer oss til gjere endå meir, seier Hermansen.

Vasshol i Tanzania: Mange går i timevis for å skaffe reint vatn. KN installerer brønnar. Foto: Privat
Nyfødd: Denne babyen på sjukehuset i Haydom, Tanzania, fekk heimestrikka kle (strikkekuvøse) frå ein hjelpar i Herøy. Foto: Kirkens Nødhjelp Foto: Kirkens Nødhjelp