-Akkurat no har vi liggande båtar med til saman 900 tonn på vent. Difor kjem vi ikkje til å kjøpe noko i dag, sa dagleg leiar Roar Aasen i dag føremiddag.

Konkurransen om silda har minka etter at konsumsild-kjøparane slutta av ein etter ein. Denne veka har Fosnavåg Pelagic faktisk vore einaste kjøpar av sild, saman med Vikomar på Bud. Torsdag kjøpte Aasen 820 tonn av eit samla omsett kvantum på 880 tonn denne dagen.

Alternativet med å levere til mjøl og olje er det ingen som har nytta seg av då det betyr ein vesentleg nedgang i prisen.

Lossekø i Fosnavåg

Åtte båtar kom til Fosnavåg med sildelast denne dagen og la seg til å vente i lossekø. Nesten som ein var tilbake til dei gode sildeåra med båtar langs alle kaier rundt hamna.

-Det kan nok ikkje samanliknast med 2009 då sildekvoten var på ein million tonn. Den vinteren tok vi imot 28.000 tonn, og eg reknar med vi i år skal greie 10-11.000 med enda nokre dagar igjen. Men samanlikna med i fjor er dette eit resultat vi må seie oss godt fornøgde med, seier Aasen.

Går døgnet på tamp

Aasen fortel at det er dei siste to vekene, og særleg etter sist fredag, at aktiviteten har skote fart. Oppsvinget kom etter at silda dukka opp på Buagrunnen og gav forhold også for dei minste kystbåtane.

-Sidan sist helg har vi gått døgnet på tamp, og det trur eg vil halde fram nokre dagar i neste veke også, seier Aasen.

Nærmar seg Runde

I dag (fredag) har det vore aktivitet så langt sør som utfor Fauskebøya og Godøya. Det fortel at silda er i ferd med å nærme seg Runde.

Lodde neste

For Fosnavaag Pelagic ser det altså ut til å bli ein norma i vinter, etter ein vintersesong i fjor som gav eit skikkeleg tilbakeslag. Sist vinter vart det nesten ikkje fangsta sild på Mørefelta.

-Det var litt slapt i januar, men dei siste vekene må vi vere godt fornøgde med, seier Aasen.

Han satsar på at det vil vare ei stund til, og håper dei kan få noko lodde frå Barentshavet å jobbe med etter at sildefisket er endeleg over.