Ulstein, Volda og Ørsta blei folketalsvinnarane på Søre Sunnmøre i fjor med ein samla folketalsvekst på om lag 250.

Også Herøy kom på rett side av streken, men Hareid, Sande og Vanylven fekk ein nedgang i folketalet i året som gjekk.

Stort fødselsoverskot

Av Ulstein sin auke på 98 innbyggarar kom heile 68 ved hjelp av fødselsoverskot. 106 nye ulsteinborgarar kom til verda i fjor, og med berre 38 døde gav dette eit stort pluss i folketalet for kommunen.

Dei andre kommunane hadde ein meir normalt forhold mellom fødde og døde, og kom ut med eit fødselsoverskot på frå 6 i Ørsta til 16 i Hareid. Sande og Vanylven fekk negativt fødselsoverskot i 2017, viser SSB sine ferske tal over folkemengd ved årsskiftet.

For Volda og Ørsta var det fyrst og fremst ein positiv flyttebalanse som låg til grunn for folketalsveksten i 2017. Volda fekk heile 72 tilflytarar i fjor, medan det til Ørsta kom 62 innbyggarar utanfrå. Også Ulstein hadde ein positiv flyttebalanse med 30.

Ulstein og Volda skilde seg ut med mange innflyttarar frå utlandet. I Ulstein kom 150 utlendingar og slo seg ned i fjor, medan Volda hadde 136. Tilsvarande for Herøy og Sande var 85 og 24.

Årsaka til Hareid sin folketalsnedgang var ei netto utflytting på heile 51. Også i Sande (-16), Vanylven (-12) og Herøy (-5) var flyttebalansen negativ i året som gjekk.

8.965 herøyværingar

Tala for siste kvartal viser at for Herøy retta det seg litt på slutten av året. Då var det Herøy som hadde den største netto tilflyttinga på Ytre Søre med 21 pluss. Men langt fleire døde enn fødde gjorde at folketalsauken i Herøy blei redusert til 12 i siste kvartal. For året under eitt fekk Herøy ein tilvekst på 8 og hadde ved årsskiftet 8.965 innbyggarar.

2.522 sandssokningar

Sande starta året med 2.540 innbyggarar, og avslutta med 2.522. Folketalsnedgangen på 18 kom etter ein negativ flyttebalanse på 16 og to fleire døde enn fødde.

Ved årrskiftet var folketalet slik i dei andre kommunane: Ørsta 10.812, Volda 9.188, Ulstein 8.555, Hareid 5.150 og Vanylven 3.187.