-Ei slik bru vil vere byutviklande, meir enn noko anna.

Det seier Sindre Thorseth og Gunnar Gundersen i utbyggingsselskapet Urholmen Invest. Dei meiner brua vil vere ein utløysande faktor for fleire prosjekt på Vågsholmen.

Komande tysdag skal formannskapet drøfte eit innspel frå utbyggjarane på Vågsholmen der dei søkjer samarbeid om ei gangbruløysing over den smalaste delen av innseglinga til Fosnavåg. Utbyggjarane har kome til at både når det gjeld etablering og drift, vil bruløysinga vere billegare enn det førarlause båtsambandet som har vore mest i fokus til no.

-Førarlaust båtsamband vil reint praktisk kunne realiserast med dagens teknologi, men det vil ta lang tid før ei slik løysing er utprøvd og kan drivast utan bemanning.Ei bru kan derimot stå ferdig samtidig med leilegheitene på Vågsholmen, seier dei to utbyggarane.

Ikkje avvisande

Bruøysinga har allereie vore presentert for Kystverket, som i utgangspunktet stiller seg noko atterhaldne til prosjekt som avgrensar bruken av ei fiskerihamn. Som det blir understreka i ei tilbakemelding til kommunen, vil ei bru bli ein effektiv barriere som skaper trafikale problem og driftsvanskar for bruken av Fosnavåg hamn. Men Kystverket er likevel ikkje avvisande til tanken om ei svingbar bru:

Skulle det vere eit stort samfunnsmessig behov for denne kryssinga, må innseglinga skaffast prioritet gjennom ordensreglar som kan lette tilgangen til hamna og redusere dei trafikale problema. Sidan vi meiner at seglande inn Vågen skal ha fyrsteprioritet, bør normalsituasjonen vere at brua står open til det er behov for kryssing av gåande, skriv Tennfjord.

Byutvikling

Eit samband over Vågen blir rekna for å vere av dei viktigaste føresetnadene for å kunne realisere planane for Vågsholmen som ein ny bydel i Fosnavåg Dei to fyrste leilegheits- prosjekta på Vågsholmen er allereie er under oppsegling, og ferdig utbygd vil der bu rundt 500 personar i det nyregulerte området frå Vågsholmen og innover til ytre del av Nørvågen.

Sambandet blir sett på som ikkje mindre viktig i byutviklingssamanheng, der det mellom anna blir konkludert slik i oppsummeringa av byutviklingsprosjektet:

«Vågen bør dyrkes som utgangspunkt for aktiviteter som spenner fra turisme, bolig, opphold, næring og industri. En utbygging av Vågsholmen kan bidra til å befeste Vågen som byens sentrum, men er avhengig av en god, attraktiv og effektiv tverrforbindelse, kanskje i form av en hypermoderne kabelferge».

Tre millionar kroner

Denne «kabelferja» ønskjer utbyggjarane altså no å erstatte med ei svingbar bru, basert på eit lokalt utvikla hydraulikksystem. Den estimerte kostnaden med å bygge sambandet, slik utbyggarane ser føre seg, ligg på rundt tre millionar kroner. I tillegg kjem kostnader med lys, staffasje og tilkomstareal. Det vil òg kunne etablerast ein avtale om 24 timars døgnservice.

Utbyggingsselskapet er innstilt på å delta i finansieringa av brusambandet.

Spennande, synest rådmannen

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad synest prosjektet som Urholmen Invest legg fram er spennande og kan vere eit viktig grep for å binde saman Fosnavåg på ein god og tenleg måte innan kort tid. Difor ber han formannskapet om grønt lys for at administrasjonen kan gå i dialog med utbyggarane om å utarbeide og konkretisere ei muleg kryssing av hamna slik det går fram av søknaden.